Turoperatørselskapet Risdal Touring har 25-årsjubileum. Det blir feira på Evjemoen tysdag 2. januar!
Risdal Touring heldt altså opent hus i hovudkvarteret i Evjemoen Næringspark kl. 12.00–15.00 på sjølve jubileumsdagen 2. januar.
Her er ALLE velkomne, både tilsette, tidlegare tilsette, kundar, samarbeidspartnarar og sympatisørar. Dei tre på biletet øvst i stykket er gründerane og eigarane Tom Roger Øydne og Olav Ljosland Risdal og dagleg leiar Sigurd-Åge Engamo. Dei lovar kaffi og kake til alle som tek turen innom.
Gratulerer med 25 år 2. januar 1999–2. januar 2024 🚌
Du vil kanskje også lese: