Det var i gjennomsnitt 4.370 personar som såg innlegg frå Setesdalssida på Facebook kvar dag i januar (2.1.–29.1.).
Gjennomsnittet for siste året er om lag 3.690 kvar dag.
Det er altså ein god auke i antall personar som ser – og kanskje les 😱 – noko av det som blir lagt ut på sida.
Den daglege bruken av Facebook er synkande, les eg på verdsveven. Det skjer både i Norge og ute i den store verda. Andre plattformar, som YouTube og TikTok, veks raskt. Spesielt rømer ungdomane skuta.
Det er gøy at me her på Setesdalssida klarer å gå mot straumen, og enn så lenge har ei positiv utvikling.
Framtida vil nok innhente oss også, og kanskje fortare enn me trur. Men så lenge pila peikar oppover, og skuta er i medvind, lyt me – og iallefall eg – halde dampen oppe og gruppa vår i gang 💝