Me håpar å få bakt ihop eit bra produkt! Foto: Rita Flottorp.

Setesdalssida – økonomi

Det har vore nokre spørsmål om korleis eg tenker å finansiere Setesdalssida.no. Her er ei lita utgreiing om det.

Setesdalssida.no er eit privat tiltak, sett i gang av meg personleg. Kva som er motivasjonen min, kan du lese anna stad her på sida. Finansieringa er veldig enkel. Eg betaler nå i oppstarten alle utgifter sjølv. I all hovudsak er det utgifter til web-design, altså det tekniske oppsettet av nettstaden. Eg treng ei «ramme» å skrive i. Den er det min gode ven Inge Fredriksen som set opp. Han er alt godt i gang, slik at eg kan lage enkle innlegg som til dømes dette. Utover vinteren vil han jobbe vidare med å lage fleire underpunkt i menyen, for å lage eit godt og oversiktleg system som er lett å finne fram i når innhaldet veks.

Annonseplass

På noko sikt, når me har fått nettstaden ordentleg i gang, er det tanken å selge annonsar e.l. Eg håpar det er mogeleg å dekke driftsutgiftene på det viset, og i tillegg ha eit lite overskot til vidare utvikling m.v. Med underskot er det ikkje lenge eg kan halde det gåande. Eg kjem attende til det praktiske rundt dette med annonsar etter kvart som me finn greie tekniske løysingar. Løysingane skal då sjølvsagt vere slike som potensielle annonsørar kan ha økonomisk nytte av.

Ordna former

Eg har mitt eige enkeltpersonføretak, Geir Daasvatn Foto & Forlag. Alle utgifter og inntekter i prosjektet blir kanalisert gjennom det. Evje Landbruksregnskap fører rekneskapen for meg. Økonomien er særs enkel å halde styr på. Men det er mest betryggande å ha kyndige folk til å følge opp dette. Det har også ei side til at eg er uføretrygda. Eventuell inntekt kjem som kjent til frådrag i uføretrygda, etter ganske intrikate reglar. Med tala frå rekneskapskontoret er eg sikker på at eg får rapportert inn alt eg skal av opplysningar til NAV, Skatteetaten og andre offentlege instansar som krev det.

Kort oppsummert

Drifta skal såleis etter planen vere tufta på reelle inntekter, frå annonsørar eller andre aktuelle kjelder. Det skal vere forretningsmessige vilkår. Om det ikkje er grunnlag for eit lite overskot på drifta, når det er gått ei tid, er prosjektet «Setesdalssida.no» ikkje økonomisk sunt. Då lyt eg heller avslutte mens leiken er god.

Men det fryktar eg ikkje! Eg har veldig lyst til å få Setesdalssida.no opp å stå, slik at eg på sikt har ein fin og nyttig kanal eg kan bruke til å formidle «gladsaker» frå heile Setesdal. Eg vonar også at andre «setesdalsvener» har lyst til å bidra med skrivekunst, fine bilete eller alt mogeleg anna som kan gi nettstaden eit bra innhald som mange har lyst til å lese. Det vil sjølvsagt ta litt tid. Men sånn er det vel med dei aller fleste nyetableringar? Rom blei heller ikkje bygd på ein dag!

Del "Setesdalssida – økonomi"