Frå prøvene på Byglandsrevyen på Bygland Kulturscene 5. november 2022. Foto: Geir Daasvatn

Setesdalssida – stor rekkevidde i november

3 940 personar har i gjennomsnitt sett innlegg på Setesdalssida på Facebook kvar dag i november. Den beste dagen ligg på 5 000 personar, medan den svakaste er 2 900. Når me slår saman alle dagane, har 110 400 personar sett innlegg på Setesdalssida i november.

Gøy at mange finn glede i sida!

Det er veldig moro at kanskje 3 000–5 000 personar kvar einaste dag kikkar innom Setesdalssida på Facebook. Eg tek det som eit teikn på at me jamt og trutt klarer å legge inn noko som blir opplevd som nyttig eller i det minste litt gøy å lese.

Mest leste innlegg på Setesdalssida i november

Dei to mest populære innlegga pr. 30 november har vore:

Flinke folk frå Rysstad Laftebygg var i november på Evje og leverte ventebuer til dei to nye busshaldeplassane langs Riksveg 9. Foto: Geir Daasvatn

Nokre presiseringar

110 400 personar er eit ganske formidabelt tal til å vere ei lita, lokal Facebookgruppe. Men merk at det ikkje er 110 400 ulike personar det er tale om, «bare» ei summering av sjåartalet for kvar enkelt dag. Det skal også nemnast at Facebook sin statistikk gjeld for dei siste 28 dagane, ikkje for heile månaden. Med to ekstra dagar i statistikken, ville totalen rimelegvis blitt litt høgare. Eit tredje atterhald er at det eigentleg er dataeiningar som registrerast, ikke personar. Ein person kan såleis opne Setesdalssida på mobilen om morgonen, og kanskje på PC-en på kvelden. Ein lesar blir dermed til to i statistikken. Så talet på personar som les minst eitt innlegg på sida kvar dag er truleg noko lågare enn 3 940.

Hugs også til slutt at statistikken her gjeld Facebookgruppa vår, ikkje nettstaden Setesdalssida.no som er eit kapittel for seg. Der vil det framleis gå nokre månader før det er noko synderleg til statistikk å melde om

Takk!

Tusen takk til alle dykk som bidreg med dikt, tekstar, bilete, lenkedeling, informasjon om arrangement og mykje anna i Facebookgruppa vår. Når me lyfter i lag blir sida levande og kan vere ein fin kanal for å spreie gladsaker frå og om Setesdal – & Åseral.

Del "Setesdalssida – stor rekkevidde i november"