Slengen 1. desember 2016. Foto: Geir Daasvatn

Setesdalssida veks!

Setesdalssida.no er under oppbygging. I dag nådde me ein liten milepæl. Kulturminne nr. 100 blei lagt inn og kort presentert. Husmannsplassen Slengen i Valle vart nr. 100.

Kulturminna ligg samla under stikkordet «Kulturminne» i hovedmenyen på framsida. Om du klikkar på det, kjem ein oversikt over alle kulturminna opp.

Dei einskilde kulturminna finn du på fleire måtar:

  • du kan skrive namnet på kulturminnet du leitar etter i søkefeltet, og sjå om det dukkar opp
  • du kan bla deg att og fram i kulturminna med dei lyseblå pilene rett over søkefeltet. Då ser du fem og fem om gongen.
  • du kan klikke på kommunenamnet i det svarte feltet oppe til venstre på biletet. Då får du opp alle kulturminna me har skrive om i den kommunen samla
  • du finn sjølvsagt også det me legg ut på Setesdalssida ved å søke på google eller andre søketenester

Setesdalssida er «bare» i oppstarten. Me vil legge inn fleire aktuelle kulturminne etter kvart. Me driv også heile tida ei oppdatering av det som alt er lagt ut, der me rettar feil, legg inn fleire bilete, utvidar eller forkortar teksten, forbetrar nynorsken, osv. osv.

Kanskje kan me ein dag, om nokre år, ha klart å legge inn 100 spennande kulturminne frå kvar av kommunane? Så håpar me sjølvsagt at nokon synest det er interessant eller i det minste litt gøy å lese noko av det me skriv. Det er lov å drøyme 😁

Gamal vegbrakke ved Geiskeli. Foto.
Vegbrakka ved Geiskeli 23. mai 2020. Eitt av mange kulturminne me har laga ein liten sak om. Foto: Geir Daasvatn

Del "Setesdalssida veks!"