Det er utruleg mange trivelege folk å treffe i Setesdal 💝 Eg hadde eit lite oppdrag i dag, i samband med «Jul på Evje», hos Silje Sløgedal Eikås på Dyrebutikken Evje.
Silje er eigentleg lastebilsjåfør. Men for snart tre år sidan fekk ho sjansen til å overta butikken til Nettdyret på Evje, rett sør for Brannstasjonen på Verksmoen. Ho har gitt butikken nytt namn, Dyrebutikken Evje, og sel utstyr og fòr til hund, katt og gnagarar. Det er mykje arbeid å drive sin eigen butikk, seier ho, men det har gått bra så langt.
Silje har visst forresten ikkje heilt lagt lastebilkøyringa på hylla. Sist helg var ho ute og brøyta vegane for Nomeland Maskin. Ho bur i Prestlidi på Bygland.
Ikkje bare traff eg Silje i dag; ho hadde selskap av den etter kvart ganske kjende «Traktornissen» på Evje. Så turen innom hos Silje var verkeleg ein innartiar!
Annonse