Industribygget på Nesmoen som Skild AS i dag leiger, og som dei ynskjer å få kjøpt. Foto: Geir Daasvatn

Skild AS på Nesmoen

Skild AS har for lengst flytta seg frå lokala rett ved Riksveg 9 på Nesmoen i Bygland ned til industribygget der Serviteur Bygland tidlegare heldt til. Nå ynsker Skild AS å kjøpe bygget, skriv Setesdølen torsdag 1. desember.

Nesodden Industribygg AS eig bygget og tomta i dag, og kommunen eig 99 % av aksjane i det selskapet igjen. Kommunedirektøren tilrår at kommunen legg aksjane sine i selskapet ut for sal i marknaden. Kommunestyret får saka til handsaming i møte 15. desember.

Kva er Skild AS?

Mange veit nok ikkje så sikkert kva Skild AS driv med. Kort fortalt er Skild AS eit dotterselskap av AMV, Andersens Mekaniske Verksted, i Flekkefjord. Dagleg leiar i Bygland er Kjell Rune Heia. Firmaet leverer utstyr til både offshore og landbasert industri og store veg- og tunnelanlegg. Til dømes leverer dei løysingar for rensing av vatn i fleire forskjellige applikasjonar. Skild AS har såleis montert vatnrenseanlegg ved Elkem si silisiumsgruve i Tana i Finnmark. Dette renseutstyret skal ha vore det første i sitt slag i heile verda då det blei levert i 2020, står det i ein fin artikkel Sigurd Haugsgjerd skreiv om dette i Setesdølen i august 2020. Senare har dei levert eit nytt renseanlegg, denne gongen til Implenia på den nye E-39 i Lyngdal. Eg har knapt nokon teknisk innsikt. Men på Facebooksida si skriv Skild AS at det er ein «Mudwizzard Combiunit og Oberlin Trykkfilter for faststoff uttak. Dette skal så integrerast mot Containertech sitt anlegg for å ta ut alt boreslammet frå tunneldrifta». Anlegget vil gi store miljøinnsparingar, då ein reduserer slamtransporten med 70 til 80 %.

Innvendig i eitt av renseanlegga til Skild AS. Foto: Skild AS

Ynskjer å kjøpe industribygget på Nesmoen

Etter at Serviteur Bygland (etter namneendring Agder Emballasje AS) flytta ut har bygget vore leigd ut til Skild AS. I same periode fekk dei behov for større areal til industriverksemda si, grunna større etterspurnad i marknaden og med det auka aktivitet og arealbehov knytte til produksjon. Skild AS er i sterk vekst, skriv kommunedirektøren i saksframlegget sitt, og har i løpet av kort tid gått frå 1–2 tilsette og 1 mill. i omsetning i 2019, til 4 tilsette og 9 mill. i omsetning i 2021, og 8 tilsette i 2022, samt stadig behov for å tilsette fleire. Omsetninga i 2022 er rekna til å bli langt over 20 mill.

Målet til Skild AS er å skape arbeidsplassar i Bygland.

Les heile tilrådinga til kommunedirektøren her

Del "Skild AS på Nesmoen"