Sigurd Haugsgjerd kåserer over Lars Bristol på Furuly fleirbrukshus på Evje 21. februar 2023. Foto: Geir Daasvatn

Spennande om oppfinnaren Lars Bristol

Bladstyrar Sigurd Haugsgjerd heldt eit spennande, inspirerande og lærerikt kåseri om den «gløymde» husmannssonen og oppfinnaren Lars Bristol frå Hornnes, då Evje og Hornnes sogelag skipa til Kulturkveld på Evje tysdag.

Lars Bristol (f. 1848–d. 1924) fekk ei avgjerande innverknad på oppfinninga av glødelampa. Det var Bristol som først klarte å lage ein glødetråd som fungerte. Men det var Edison og Lars sin arbeidsgjevar Swan som blei verdsberømte.

Lars Breistøl, som han opphaveleg heitte, kom frå den vesle husmannsplassen Breistøl på Kjetså. Livslaupet hans er ei fantastisk forteljing. Men så er også Sigurd ein stor forteljar. Me kan bare glede oss til boka som kanskje kan vere ferdig til jul.

Eg har skrive ein liten artikkel om husmannsplassen Breistøl på OpplevEvje.no, om du skulle ha lyst til å ta deg ein tur og sjå plassen sjølv. 

På Setesdalswiki er det også ein kort artikkel om Lars Bristol, med lenker vidare til meir utfyllande litteratur.

Takk til Sigurd for det svært givande kåseriet!

Del "Spennande om oppfinnaren Lars Bristol"