Oljemeklaren som slo seg ned på Hannåsvollen

I meir enn sju år reiste Kjersti Våge i teneste som godt løna oljemeklar på den internasjonale marknaden. Kontoradresse i hovudstaden – ein hektisk og stressande kvardag som ho så avgjort ikkje lengtar attende til. Tekst/foto: Øystein Moi – Det einaste eg produserte var pengar. Ei kald og upersonleg bransje. Brått ein føremiddag kom det […]
Else Haugland – Tøffaste jenta i dalen

Ho er mykje truleg den einaste jenta frå Moisund som nokon gong he vandra i fotefara åt sjølvaste Fridtjof Nansen. Tekst/foto: Øystein Moi Ho er garantert den einaste jenta frå Moisund som nokon gong he kryssa Grønlandsisen på ski. Else Haugland tek i mot bladfyken heime i kjøkkenkroken ein myrk og vindfull vinterkveld, få dagar […]
Per Emanuelsen: Med hovudsete i hønsehuset

Han er fødd i Bertesbukta, oppvaksen i Dronningensgate – og i dag er han busett i Krigen. På Ytre Strai. Tekst/foto: Øystein Moi Utsjånaden minner mykje om eit av dei siste, attlevande tidsvitna tilhøyrande den opprørske 68-generasjonen. Kven skulle eigentleg tru at denne lekamen, og dette hovudet , tilhøyrande Per Emanuelsen er 66 år gamalt. […]
Øystein Moi si bok endeleg ute!

Laurdag var det bokslepp på Dølen Hotel på Evje. Øystein Moi er endeleg ute med den etterlengta «Moi møter mennesker». Det er ei portrettbok der lesaren får møte meir enn 100 ulike personar Øystein har truffe på reise rundt om på store delar av Agder. Dei fleste stykka er tidlegare publiserte i Fædrelandsvennen, der Øystein hadde […]