Trude Evje på leirduebanen på Evjemoen 25. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Tøffe jenter i Evje og Hornnes Jeger- og Fiskarlag

Jentene i Evje og Hornnes JFL møtest annankvar tysdag til leirdueskyting på Bane T på Evjemoen.

Nettsida til Evje og Hornnes JFL

Jentene har skytetrening saman med nybegynnarane kl. 17.00–18.00. Då eg fekk lov til å kikke litt på ei økt for eit par dagar sidan, var det ingen nybegynnarar som var der. Bare tre knalltøffe damer pluss standplassleiaren Torstein Engesland.

Fleire jenter er hjarteleg velkomne!

«Me brukar å vere 3–4 jenter på desse kveldane. Det er god plass. Om nokon fleire har lyst til å bli med på denne spennande aktiviteten er dei hjarteleg velkomne», understreka Lillian Lislevand. Ho var ei av dei tre damene som fryda seg på skytebanen denne varme sommarkvelden.

Vil du prøve leirdueskyting, er det altså bare å møte opp på banen. Du får låne gevær og anna naudsynt utstyr på plassen. Instruksjon i rutinane på standplass og det som elles høyrer med blir også gitt. Det er altså eit ordentleg lågterskeltilbod, dette her.

Stykket held fram under biletet

Nøgde med økta! Framme Lillian Lislevand (t.v.) og Trine Eikhom Isaksen. Bak Trude «Gunsmoke» Evje og Torstein Engesland. Foto: Geir Daasvatn

Det var veldig gøy å sjå jentene i aksjon! Det var ikkje treff på alle leirduene som kom fykande, men sanneleg ikke så få heller. Ein del stopp var ikke heilt planlagte. Det var helst når jentene hadde gløymt å skru av sikringa på haglebørsa. Trude Evje var til tider heilt rå med hagla, og Trine Eikhom Isaksen og Lillian som alt er nemnt låg ikkje langt etter. Dei strenge sikringsprosedyrane på skytebanen blei følgde til punkt og prikke. I ein time skaut dei tre, før det var dei litt meir rutinerte mannfolka sin tur kl. 18.00–20.00. Då var det uansett tida for å gje seg, for skuldrene til damene var då blitt både gule og blå etter alle rekylane frå haglegeværa.

Dette var siste skytetreninga før sommarferien. «Men det oppstart igjen til hausten!», forsikra dei ivrige jentene. 13. august er den første jenteskytinga på leirduebanen etter ferien, står det på heimesida til Evje og Hornnes JFL.

Stykket held fram under biletet

Lillian Lislevand på standplass med hagla klar til skudd. Foto.
Lillian Lislevand på leirduebanen på Evjemoen 25. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Aukande interesse

Det var stor aktivitet på leirduebanen i mange år. Men så blei det meir stille i 2–3 år. I Årsmeldinga til Evje og Hornnes JFL for 2023 les eg at «Det har i 2023 ikke vært de store aktiviteter i foreningen». Nå har intressa tatt seg kraftig opp igjen, fortalte Torstein i ein liten pause innimellom hagleskota. Han er leiar i skytebaneutvalet i Evje og Hornnes JFL. Leiar i heile laget er Svend Aage Petersen. Lillian er biten av skytebasillen, og har verv som kvinnekontakt i Aust-Agder-avdelinga av Norges Jeger- og Fiskerforbund. Ho sprudla mest over av lyst til å fortelje kor fin ein aktivitet leirdueskyting kan vere for jenter. Trine er også ei engasjert jente, ho er styremedlem og kvinnekontakt i Evje og Hornnes JFL.

Banen på Evjemoen leiger laget av Forsvaret. Dei har sjølv investert i ein del utstyr til banen for å gjere han funksjonell og best mogeleg til deiras bruk. For tida er det rundt 119 medlemer i laget, ein bra auke frå 103 i 2023. Dei ynsker sterkt å få med endå fleire, spesielt jenter og ungdom. ALLE er velkomne!

Hyggeleg miljø

Før eg sette meg på sykkelen og tok fatt på heimvegen, spanderte Lillian nydeleg sjokoladekake og brus på oss alle. På banen er det kaffitraktar, så du kan få deg ein kaffikopp mellom turane ut på standplassen. Det var rett og slett ein veldig triveleg stad å vere, i lag med engasjerte og flinke skyttarjenter.

Trine Eikhom Isaksen på Evjemoen 25. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn
Del "Tøffe jenter i Evje og Hornnes Jeger- og Fiskarlag"