Tom H. Andersen spiller gitar under U2-konserten i Evje kyrkje 29. mai 2022.
Tom H. Andersen under U2-konserten i Evje kyrkje 29. mai 2022. Foto: Geir Daasvatn

Tom H. Andersen med singelslepp!

24. april slepp universial-instrumentalisten Tom H. Andersen i Grendi den første offisielle singelen sin på straumetenester. Låta heiter No or never, og blir gjeve ut under artistnamnet Thom Ocean.

Tom er fødd i 1993 og har halde på med på musikk stort sett heile livet. Eg for min del har sett og høyrt han til dømes som gitarist under U2-Tribute-konserten i Evje kyrkje i 2022 og som kapellmeister for orkesteret på revyscenen på Bygland. Han er ein dyktig musikar som kan sjonglere mellom ei lang rekke instrument.

Men å produsere musikk starta han ikkje med før i 2023. Han fann fort ut at dette var spennande.

Tom fortel:

– Å få arrangere sjølv melodiar, akkordar, lydar og instrument til ein samansett låt kjennnest litt som eit puslespel. Eg blir mykje fascinert av korleis lydar kan fortelje ein historie utan å bruke tekst, berre ved å arrangere instrumenta riktig. Eg starta med elektronisk sjanger då eg av ein eller annan grunn fann det enklast frå mitt utgangspunkt med null kunnskap om produsering. Eg har mange melodiar i andre sjangrar og vil utdjupe meg meir etter kvart. Men ein plass må ein jo starte!

Han held entusiastisk fram:

– Grunnen til at eg valde å ut med noko no er at eg ville gje meg sjølv eit spark bak og berre kome i gang, rett og slett. Eg utveksla tidleg i skapinga av låta nokre meldingar med Peter Michelsen som er produsent i plateselskapet The Norwegian Sound og gitarist i bandet Donkeyboy. Frå han fekk eg litt feedback. Eg fekk ikkje noko fasitsvar tilbake konkret på kva eg måtte gjere, men mykje positiv feedback likevel og nokre råd og tips til korleis eg kanskje burde tenke.

Dette er første utgjevinga for Tom på eige plateselskap. Han kallar selskapet Fjord Recordings og gjer alt arbeidet sjølv i heimestudioet sitt. Sjølv om det er elektronisk musikk brukar han ikkje noko som er innspelt på førehand slik mange kanskje trur. Han vel alle lydar sjølv, fortel han, med dei effektane han sjølv vil, og speler det inn på eit midi keyboard han har i studio.

Eg gledar meg til å høyre låta 24. april!

Du vil kanskje også lese: Dansarberga – Ghostwood Dance

Coveret til plata. Foto: Privat

Del "Tom H. Andersen med singelslepp!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.