Torbjørn Frøysnes på Milano på Evje 9. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn

Torbjørn Frøysnes lærte oss mykje!

Tidlegare ambassadør Torbjørn Frøysnes heldt eit inspirerande, grundig og svært lærerikt foredrag om «Menneskerettane i krigens tid» på Milano på Evje måndag kveld.

Les meir om Torbjørn Frøysnes på Setesdalswiki

Sverre Framnes ønska oss alle velkomen. «Alle» var mange, for lokalet var mest fullsett av byglendingar og andre som ville treffe Torbjørn og høyre han fortelje. Sverre presenterte temaet for kvelden, i ljos av Russland sin angrepskrig i Ukraina – «Menneskerettane i krigens tid». Ingeborg Irene Gautestad Almås song «Det handler om å leve». Knut Olav Uppstad på piano og Sverre Flottorp på bass var støttespelarar. Sverre hadde også anvaret for den framifrå lyden denne kvelden.

Så tok Torbjørn Frøysnes over mikrofonen.

Han fortalde litt om oppveksten på Byglandsfjord, forblåste evdølar, tannlege Skomedal og bakgrunnen sin som diplomat. Han forklarte at han hadde arbeidd med Russland-spørsmål nesten heile karriera. Russiske diplomatar frå dei seinare årtidene hadde han veldig god kjennskap til. Han hadde også fått mykje kjennskap til tilhøva i Ukraina gjennom arbeidet sitt.

Situasjonen i Europa er dramatisk endra

Russland sin invasjon i Ukraina er ein erobringskrig, midt i Europa, og har foramdra kvardagen for oss alle. Det har også endra situasjonen for alt samarbeid i Europa. Det europeiske samarbeidet må nå gå vidare utan Russland.

President Putin har gjennom sin erobringskrig mot Ukraina tatt Russland ut av alt det samarbeidet som har vorte bygt opp siden Sovjetunionen gekk i oppløysing i 1991. Detter vart eit historisk tideskifte i Europa. Då vart alle dei tidlegare kommuniststatane i Europa etter kvart endra frå kommunistdiktatur til vestlege demokrati, og vart medlemer av Europarådet.

Torbjørn Frøysnes

Torbjørn heldt fram:

Slik vart det òg for Russland, som vart medlem av Europarådet i 1996, og godtok då alle dei sentrale juridiske forpliktelsane om demokrati og menneskerettar som dei måtte skrive under på for å bli medlem. Dette var eit system som dei vest-europeiske landa hadde utvikla sidan tida rett etter den 2. verdenskrig, og som var bygt på FN og dei universelle rettane om fridom, demokrati, menneskerettar og rettsstatens prinsipper.

Torbjørn Frøysnes

Europarådet og menneskerettane

Den særs engasjerte tidlegare ambassadøren til Europarådet gav oss ein grundig innføring i historia til Europarådet, som blei skipa i London i 1949. Målet var å hindre all framtidig urett og krig. Norge var mellom dei 10 første medlemslanda.

Det mest omfattande regelverket er Den europeiske menneskerettskonvensjonen frå 1950. Det er alle dei grunnleggande rettane der, som gjeld alle menneske, som er utfordra gjennom Russland sitt åtak på Ukraina.

Torbjørn gjekk så veldig grundig inn på kva desse grunnleggande menneskerettane faktisk er. Det er mellom anna retten til liv, forbod mot tortur og umenneskeleg behandling, forbod mot slaveri og tvangsarbeid, kravet om rettferdig rettergang, retten til privatliv, retten til familieliv, rettet til å gifte oss med kven vi vil og retten til utdanning.

Han kom inn på eigedomsretten, som er ein særs viktig menneskerett. I Sovjetunionen og dei aust-europeiske kommunistlanda var det ikkje privat eigedomsrett. Då alle desse landa blei med i Europarådet etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991, blei retten til privat eige anerkjent over heile Aust-Europa. Dette var faktisk ei av dei største samfunnsomveltingane i etterkrigstida, men etter måten lite påakta.

Så har vi ytringsfridomen. Han er høgt akta, men ikkje absolutt. Han kan lovleg avgrensast mellom anna av omsyn til nasjonal tryggleik og territoriale integritet.

På same viset er religionsfridomen og respekten for samvitet lovfesta menneskerettar. Du kan til dømes nekte militærteneste dersom det strir mot samvitet. Vi har forsamlings- og foreningsfridom, og rett til å delta i frie val.

Mange brot på lovene

Korkje Den europeiske menneskerettskonvensjonen eller dei nasjonale lovene blir bestandig respektert, endå om statane sjølv har vore med på å innføre dei. Til å reagere på brot på lovverket er Den europeiske Menneskerettsdomstolen i Strasbourg oppretta.

Ingeborg ramma inne kvelden med vakker song og tankefulle tekstar. Foto: Geir Daasvatn

Domstolen handsama i 2022 heile 40.000 saker. Dom blei avsagt i 4.000 saker. Dei fleste sakene gjaldt Tyrkia og Russland. Men også Norge blir klaga inn for Menneskerettsdomstolen, i 2022 116 gonger. 10 av sakene gjaldt barnevernet i Norge, og Norge tapte alle 10. Meir enn 500 juristar og ekspertar arbeider ved domstolen.

Styresmaktene som ikkje respekterer lovene og domane vert dømde i dei nasjonale domstolane. Om dei ikkje rettar seg etter dette, blir dei til sist dømde i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Det er ikkje alltid det går så fort, forklarte Torbjørn. Men dei aller fleste domane vert oppfylte av styresmaktene til slutt.

Sikrar gode samfunn

Menneskerettane er eit enormt vidtfamnande regelverk som sikrar oss gode samfunn, meiner Torbjørn. Det er særs viktig at folk i alle land sluttar opp om demokrati og menneskerettar. For det er dette som gir oss tryggleik, særleg i usikre tider.

Situasjonen i Europa er veldig dramatisk i dag. Men vi kan redusere det utrygge ved aktivt å slutte opp om dei grunnleggande rettane og bidra til at dei blir respekterte.

Torbjørn heldt fram at vi nok kan få sjå tilbakeslag for demokrati og menneskerettar. Mange populistiske parti og røyrsler kan ha framgang ei stund. Men til slutt og alt trudde han at demokrati, menneskerettar og rettsstat vil vinne. Vi menneske lever bare ein gong, og vil innerst inne ha den tryggleiken desse rettane gir.

Kva rettar har menneska i Ukraina?

Europarådet har oppretta eit Krigsskaderegister for Ukraina. Der skal alle øydeleggjingar, drap, mishandling og anna skadeverk i den pågåande krigen dokumenterast. Siktemålet er at Russland skal betale erstatning. Det er eit kolossalt arbeid. Men det er altså i gang.

Sverre spelte bass og rigga lyden. Foto: Geir Daasvatn

Krigsskaderegisteret skal samarbeide med Den internasjonale straffedomstolen i Haag for å stille dei ansvarlege til doms. Det er eit veldig apparat som er sett opp for å sikre rettferd og ansvar.

Spesielt ille er situasjonen i dei okkuperte områda av Ukraina. Her er det dokumentert utstrakt bruk av tortur, mishandling, tilfeldige avrettingar, forsvinningar, seksuelt misbruk, tvangsdeportasjonar, ulovlege tap av eigedomsrett og ulovleg tvangsinnrullering av ukrainske borgarar i det russiske militæret.

Så langt mogeleg blir dei som står bak overgrepa identifisert og registrert, og dei vil bli tiltalt for Den internasjonale straffedomstolen.

Kan prøvelsane vi ser i Europa føre til noko positivt?

Torbjørn meinte krigen i Ukraina kanskje fører til at vi sluttar meir fast opp om fridom og menneskerettar, og forstår endå betre at dette er verdiar av den aller største betyding i liva våre.

Vi må vere klare til å støtte Ukraina i lang tid, og vi må akseptere at det kostar å forsvare demokratiet, understreka han.

Kanskje kan vi også tenke meir på rettferd og godt styresett, på alle plan i samfunnet. Vi må vere nøye med godt styresett, for å verne om demokratiet, inkludert lokaldemokratiet.

Vi kan bli meir bevisste på kva for ting vi treng, om mat og beredskap. Viktige beredskapsomsyn får høg prioritet av regjeringa og vil påverke samfunnet framover.

Torbjørn avslutta:

Vi kan vise respekt for kvarandre, og ta tilbake dei positive verdiane. Vi kan bli meir bevisste på sunne forbilde og prinsipp. Kanske kan vi legge mindre vekt på det overfladiske i vår tid, og sjå det meir som det er – overfladisk.

Torbjørn Frøysnes

Kva vi lærte

På den eine sida var det eit litt dystert framtidsbilete Torbørn gav oss. Han trudde krigen i Ukraina kom til å bli svært langvarig. Putin og Russland set inn enorme ressursar på å vinne fram, i det minste for å behalde kontrollen over dei områda dei okkuperer i dag. Ganske sannsynleg kan det utvikle seg til ein såkalla «frossen konflikt».

Knut Olav saman med Ingeborg og Sverre sørga for at varme toner følgde oss ut i det kalde kveldsmørkret. Foto: Geir Daasvatn

På den andre sida kan vi kanskje bli endå meir merksame på verdien av fridom og demokrati, kor viktig det er at vi syner respekt for kvarande, og kva for verdiar som eigentleg tel i livet når alt kjem til alt.

Ingeborg, Knut Olav og Sverre gav oss heilt til slutt vakker musikk på veg heimover. Tankefulle over det vi hadde høyrt, men også håpefulle for at demokratiet, menneskerettane og dei gode verdiane kanskje vil sigre til slutt.

Del "Torbjørn Frøysnes lærte oss mykje!"