Tutta Berg inne i heiane ho var så glad i. Foto: Privat

Tutta Berg til minne

Tone Marie Berg, eller Tutta, som alle kalla henne, døydde i heimen sin i Berg i Valle, måndag 19. desember. Ho vart 86 år gamal.

Minneord, skrive av Ole Birger Lien

Tutta kom til verda på garden Vadlid i Fyresdal, og var eldst i ein syskenflokk på fire. Med sau og gris i fjoset fekk ho tidleg lære at i arbeidet måtte alle vere med. Ho vaks opp til ei sterk, ivrig jente som aldri var redd for å ta i eit tak. Etter skulegang heime i Fyresdal og ein periode som landstelefonist i heimbygda, tok ho til på Holtes handelsskole i 1960. Etter kvart var det likevel noko heilt anna det skulle handle om for Tutta – ho hadde nok ikkje bare grøne fingre, «heile ho» var mest av alt interessert i det som spirte og grodde.

Utdanna seg til gartnar

Alt frå tidleg barndom var det i naturen Tutta trivdest best. Trea i skogen, lauvet som dansa i vinden. Grønt gras, og så blomane. Ho fall pladask for alt som liv er rundt om – den kjærleiken skulle vare livet ut. Ho fekk seg lærlingjobb ved Dømmesmoen gartnarskole, og var i åra etterpå gartnar for ei rekke verksemder. Kunne ho tumle med avleggjarar, få fram noko nytt og spennande, sjå til blomar, at parkar og hageanlegg hadde ei viss fornuft i oppbyggjing og samansetning, ja då var Tutta i sitt ess! Med åra vart ho «leverandør» av avleggjarar til folk i heile dalen, og ho hadde alltid gode råd til dei som sleit med å få hagen eller blomane sine til.

På alle verdas hav

Etter kvart kjente Tutta meir og meir på utfartstrongen – ho ville sjå verda! Som salongpike i Bernt Rasmussen rederi fekk ho sjansen til nettopp det! I 1968 gifta ho seg med Hallvard Berg frå Valle – og seinare sigla dei saman på verdshava mellom anna for Thorvald Brøvigs rederi. Etter at dei gifta seg gjekk det likevel som det jamnt gjer – familien vart større. Først kom Elin, så Jan og til slutt Hallgeir, og seinare barnebornet Ravn Atle. Tutta vart etter kvart husmor heime i Berg og lokal gartnar i Valle og dalen elles både for kommunar, verksemder og folk flest. Kor mange hagar ho var innom, og kor mange av dei «grøne lungene» i kommunesentra her i regionen ho har hatt ein finger med i spelet på, veit vel ingen.

Kunstnarsjel

Tutta Berg var ei ekte kunstnarsjel. Alt i barndomen tok ho til med teikning. Etter kvart vart det måling, om det no var fargerike blomar på porselen, eller skildringar av ville heier i Setesdal eller Telemark på lerret. Ho hadde ein enorm produksjon, og siste salsutstillinga fekk ho oppleve som del av kulturveka i Valle i 2022. Også som ivrig fotograf utvikla ho seg etter kvart så bileta vart noko meir enn fotografi. Ho såg dei store tinga i det små, og fanga like gjerne inntrykka med fotoapparatet som med penselen.

Låghellervatn

Så var det ikkje tilfeldig at mange av måleria hadde motiv frå fjell og hei. Om det var noko her i livet ho hadde like mykje plass til i hjarta som blomar og alt det grøne, ja så var det heiane. Låghellerbui ved Låghellervatn i Valle vestehei var friplassen. Dit vandra ho år ut og år inn. Somme tider med Hallvard, andre gonger med heile familien. Ho kunne også inn der på eiga hand – for i naturen var Tutta aldri aleine. Lyng og dvergbjørk, fjell og steinsettingar, ein sildrande bekk eller bare angen av hei – alle inntrykka gjorde livet rikare, og ho visste det. Turen frå Berg inn til bua er dryg, det tar gjerne fire–fem timar å gå. Det seier litt om Tutta at ho heldt fram med vandringane der inn heilt til siste turen som 83-åring. Ho visste nok då at dette var siste gonga. Visst kom det vel ei tåre eller to, men meir i takksemd enn noko anna. Tutta var heime der inne mellom fjella og dalane, og ho bar støylen med seg i bringa livet ut.

God forteljar

Viss ein ser bort frå ein noko sliten kropp etter eit langt liv i arbeid, fekk Tutta ein frisk og aktiv
alderdom i og rundt heimen ho sette så høgt. Ho måla, var levande oppteken av samfunn og politikk, og hadde daglege rundar gjennom både aviser og nyheitssendingar på TV. Ho var ein god samtalepartnar med klåre meiningar, og ein framifrå forteljar. No har Tutta gått ut av tida, men ho har sett spor etter seg. Ikkje bare i parkar og grøntanlegg, og heller ikkje bare i familien. Eit gildt menneske har planta den siste avleggjaren – det blir som ei glad helsing, kvar gong blomen bryt gjennom jorda og helsar våren velkomen der oppe i Berg.

Tutta er borte – men dei gode minna lev vidare. Fred over minnet ditt, Tutta.

Del "Tutta Berg til minne"