Me håpar å få bakt ihop eit bra produkt! Foto: Rita Flottorp.

Utvidar Setesdalssida.no steg for steg

Nå har min gode kompanjong Inge Fredriksen laga eit eige menypunkt på nettsida for «Vekas bilete». Klikk på strekmenyen oppe til høgre i biletet over her, så får du eit lite innblikk i korleis det fungerer.

Alle desse «bilet-artiklane» vil då bli liggande under dette menypunktet, organisert kommunevis. Ved å klikke på kommunenamnet i den svarte ramma, skal alle artiklane frå den kommunen kome opp samla. Slik skal dei bli lette å finne fram til, etter kvart som talet på artiklar veks. Det kan jo fort bli over 50 stk kvart år frametter. Det vil i tillegg vere stikkord til kvart bilete, slik at dei blir søkbare t.d. etter namn på staden dei er tatt.

Etter kvart som arbeidet går framover i vinter, vil det kome fleire slike menypunkt for å systematisere innhaldet endå mykje meir. Nøyaktig kva dette blir kan me ikkje seie nå. Men tema som «Kulturminne», «Turtips», «Ting å gjere» og «Attraksjonar» er høgst aktuelle.

Me har tru på at me skal klare å få til ein bra nettstad for deg. Me må bare ha litt tid på oss, for å finne den rette oppskrifta 😄

Del "Utvidar Setesdalssida.no steg for steg"