Ein lun sumarkveld på kyrkjebakken, og inne i Evje kyrkje var det vitjing av to verdsstjerner då Silje Nergaard og Espen Berg heldt ein stemningsfull jazzkonsert for eit lydhøyrt publikum.
Tekst og foto: Øystein Moi
Duoen skapte ei varm og nær atmosfære kor Nergaards særprega røyst og Bergs elegante pianospel fletta seg saman i eit uttrykk som både rørte og imponerte. Konserten baud på både nye tolkingar og kjende perler frå Nergaards lange karriere. Publikum sat samla i ei oppleving som var både musikalsk sterk og emosjonelt gripande.
Avslutninga med klassikaren What a Wonderful World vart eit høgdepunkt – framført med ein slik inderlegheit at mange nok forlot kyrkjerommet med ei lita tåre i augekroken.
Konserten var eit samarbeid mellom Terassejazz og Evje og Hornnes Sokneråd. Terrrassejazz vert skipa til kvart år, den fyrste helga i juni, og kyrkjekonserten markerte såleis avslutninga på årets festival.
