Tidløs i Evje kyrkje 18. desember 2022. Foto: Geir Daasvatn

Vakkert med Tidløs i Evje kyrkje

Tidløs med Martin Wikstøl som solist avslutta juleturneen sin «En Tidløs Jul» i Evje kyrkje søndag kveld.

Utanom Martin består bandet av Bjørn- Thore Aastveit (all verdas instrument), Tommy Røinås Ingebretsen (gitar), Jørgen Førde (trommer), Johan Nøkland Lund (piano) og Jan Martin Hammersland (bass).

Kven er Tidløs? Kortversjonen kan vere eit religiøst, kjekt og svært så populært boyband 😃

Det var «O Helga Natt» og mange fleire stemningsfulle julesongar, dyktige musikarar og eit eventyrleg vakkert lysshow. Kyrkja var mest full av forventningsfulle menneske. Forventningane blei oppfylte og vel så det. Gutane blei trampeklappa inn til ekstranummer.

Det var ein verkeleg fin førjulskveld i Evje kyrkje 💝

Del "Vakkert med Tidløs i Evje kyrkje"