Fellesøving på Bygland Kulturscene 6. april 2024. Foto: Geir Daasvatn

We Will Rock You!

Kong Hanes eftf. og Evje og Hornnes bygdekor har noko stort på gang fredag 19. og laurdag 20. april!

We Will Rock You! har dei kalla fellessatsinga si. Om lag 35 songarar er dei, alt-i-alt. Det er to konsertar; på Bygland Kulturscene fredag 19. april og på Evjemoen Kino laurdag 20. april. Begge kveldar kl. 19.00.

Me kjem til å bli rocka!

Eg fekk lov til å tjuvlytte litt på den siste store felles øvinga på Bygland Kulturscene laurdag 6. april. Dei kan verkeleg stå inne for den djerve tittelen: Desse folka kjem til å rocke oss!

Mest alle songane er kjende pop- eller rockklassikarar. Her er alt frå Bridge over troubled water til Bohemian Rapsody. Mange av songane syng kora samla. Dei framfører også nokre nummer kvar for seg. På fleire av songane er det solistar. Astrid Carlsen er ein av dei. Ho er superb – bare vent og høyr! Ei lita gruppe på fire Byglands-jenter syng Can’t go back så reint og vakkert, og med så nydelege harmoniar, at det er vanskeleg å halde på tårene. Klump i halsen er det òg når Svein Kleivane syng Fattig bondedreng medan han vandrar stille over scenen. Ein duett får me òg, når Anne Sofie Hornnes og Rita Flottorp syng meisterverket til First Aid Kit, EmmyLou.

Stykket held fram under biletet

Kanskje ein fattig bondedreng, men ein stor forteljar! Svein Kleivane øver på Bygland Kulturscene. Foto: Geir Daasvatn

Det er sjølvsagt mykje som endå må finpussast før alt er klart. Akkurat kva det er veit ikkje eg, er har lite eller inga kunnskap om det tekniske. Eg bare høyrer på songane og tykkjer alt er så vakkert framført. Under kunstnerisk leiinga av musikalske kapasitetar som Siv Eline Jacob og Oxana Emmelkamp er eg uansett temmeleg sikker på at alt er klart innan konsertane om eit par veker.

Husorkester

Den vakre songen er solid støtta opp av eit husorkester med Finn Håkon Borgi på slagverk, Tor Ånon Kleivane på bassgitar og Runar Granheim på piano og trekkspel. Rutinerte Kjetil Carolis Jore vil sørge for at lyden er av beste merke. Rune Skibsrud er i kulissane som scenearbeidar.

Eg kan ikkje seie så mykje meir om songane og programmet. Vil du høyre vakker, høgtidsstemt, vemodig, sprudlande og tankefull song og musikk tek du nok turen uansett. Eg vil bare seie for min del at eg er veldig stolt over at bygdene våre kan by fram korsong, musikk og arrangement som dette.

Billettar får du kjøpt på Joker Bygland og Databutikken Evje.

Del "We Will Rock You!"