Laurdag 10. august toppar Rotlaus spelelista, når Otra Musikkfest blir arrangert på Evjemoen for første gong.
Det er det nystarta selskapet Evje Event som står bak musikkfestivalen dei håpar skal bli til ein folkefest. Else Haugland på Dølen Hotel, mangeårig manager og legende i det norske musikkmiljøet Sven Torsten Persson og Trond Andreassen frå Lillesand er dei sentrale personane i selskapet.
Festivalen er same helga som Landbrukets Dag, og arrangementet er i godt samarbeid med dei arrangørane ved dagleg leiar Torbjørn Bjoraa. Det er også innleia eit nært samarbeid med Evjemoen Næringspark, som leiger ut området på Evjemoen til både Otra Musikkfest og Landbrukets Dag. Tore Tveit i Næringsparken blir såleis ein krumtapp i den tekniske og praktiske tilrettelegginga av festivalen.
Folkefest for heile Agder!
Else, Sven og Trond i Evje Event fortalde entusiastisk om planane på eit pressetreff på Evjemoen 2. april. Dette første året er sjølvsagt eit slags «prøveprosjekt», for å sjå om eit slikt opplegg slår ann hos publikum. Men draumen er å skape noko varig; eit nytt, stort og fast årleg arrangement på Evjemoen. Gründerane bak Evje Event tenker både fem og ti år framover. Eit stort arrangement som dette vil sette Evje, Setesdal og indre Agder endå meir på kartet. Det vil generere inntekter og gje det lokale næringslivet eit løft. Det vil utvide musikk- og kulturtilbodet i regionen, og kan trekke til seg fleire besøkande utanfrå. Lag og foreiningar vil få tilbod om dugnadsoppgåver, der dei kan hente nokre sårt tiltrengte inntekter. Etter kvart som festivalen veks, kan det bli ei ny attraktiv flate der lokale og regionale verksemder kan profilere seg.
Nært samarbeid med Landbrukets Dag
Dagleg leiar Torbjørn Bjoraa i Landbrukets Dag var initiativtakar til samtalar omkring eit utvida tilbod den helga Landbrukets Dag blir arrangert. Det er andre helga i august kvart år. Tanken var å skape noko som kunne gje ringverknader for heile bygda. Torbjørn «drodla» litt med Else Haugland om tankane sine, og brått var Evje Event skipa og Otra Musikkfest på Evjemoen 10. august 2024 ein realitet. Torbjørn fortel:
Landbrukets Dag er ei landbruks- og matmesse. Messa har vore ein stor suksess i fleire årtider. Men landbruket endrar seg, og publikum òg. Det må me i Landbrukets Dag ta omsyn til. Me treng trekkplaster utanom temaene «landbruk» og «mat» for å halde på publikum, og trekke endå fleire folk til messa og bygda. Å få til ein slik konsertkveld som no er planlagt gjer at det skjer noko på Evje heile dagen, frå morgon til sein kveld. Det utvidar tilbodet enormt!
Han fortset:
Bygda vår har trass i alle dystre spådomar hatt ei svært positiv utvikling etter at Forsvaret la ned verksemda her først på 2000-talet. Me må sette alle gode krefter inn på å halde fram den gode trenden. Eit arrangement som dette vil sette bygda vår endå meir i fokus, og gje mange positive ringverknader for oss i Landbrukets Dag. Det er vinn-vinn for alle partar!
Stor produksjon
Arrangørane legg opp til ein stor produksjon. Det blir bygd opp ein svær scene på plenen nord for der utstillarane under Landbrukets Dag held til. Her er det plass til mange tusen tilskodarar. Dei ser for seg samarbeid med aktuelle sponsorar og frivillige lag og foreiningar for å få arrangementet trygt i hamn. Hunsfos Bryggeri vil vere til stades med produkta sine, og fleire andre bedrifter blir truleg involverte etter kvart som planlegginga skrid framover.
Sven Torsten Persson i Evje Event var sentral under OL på Lillehammer, og har gjort store produksjonar med til dømes a-ha. 8. juni er han med og arrangerer konsert med Åge Alexandersen i Lillesand. Men det er ingen «nedtur» å kome til Evje. Han er svært begeistra for Evjemoen som konsertområde:
Her på Evjemoen ligg alle moglegheitar opne! Det er meir enn nok areal, og dei tekniske forutsetningane er på plass. Me er blitt utruleg godt mottekne av Evjemoen Næringspark med Tore Tveit i spissen. Me skal gjere alt me kan for at dette skal bli ei stor oppleving. Ting skal gjerast ordentleg. Konsertområdet skal vere estetisk pent og ryddig sett opp. Det er veldig viktig for oss i dette første «prøveåret» å bevise kva me verkeleg kan få til.
Stykket held fram under biletet
Rotlaus, Byting, Popnagel og litt til
Me har alt meldt på Setesdalssida på Facebook at bygderock-bandet Rotlaus toppar spelelista. Like populære Byting kjem også. Begge banda skapar stor stemning, og er kjende for å fylle konsertarenaene. Opningsbandet om kvelden 10. august er ikkje heilt avklart endå. Fredag kveld tek festen til med eit aldri så lite vorspiel: Lokale Popnagel spelar til dans på Dølen Hotel.
Billettane er lagt ut på Checkin.no.
Evje, Setesdal og indre Agder endå meir på kartet!
Det er ein stor «kamp» for å heile tida halde aktiviteten oppe, både på Evje, i Setesdal og i distriktet elles. Eit godt underhaldnings- og kulturtilbod er viktig, både for å skape buglede og å trekke til seg besøkande. Otra Musikkfest er eit prosjekt som kan bli eit veldig godt bidrag i dette «evigvarande» arbeidet. Me ønsker arrangørane lukke til med prosjektet, og gledar oss til å følge med framover mot laurdag 10. august 2024!