Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Kjempestart for første Rosa sløyfe-løpet i Bygland!

Starten er just gått for det aller første Rosa sløyfe-løpet i Bygland 19. august 2024. Foto

Meir enn 80 menneske, kvinner og menn, jenter og gutar, var med då det aller første Rosa sløyfe-løpet blei arrangert i Bygland sentrum laurdag 19. oktober. Rosa sløyfe-løpet ønsker å skape auka merksemd rundt brystkreftsaka. Anten du går eller spring, er du med og støttar ei god sak. Rosa sløyfe-løpet er ei unik oppleving der […]

120 ungdomar på datatreff i Otrahallen i helga!

Lan-party i Otrahallen laurdag kveld 5. oktober 2024. Oversiktsfoto.

Den frivillige organisasjonen LAN-E i Evje og Hornnes har 10-årsjubilum i 2024. Det blei feira med eit rekordstort LAN-arrangement i Otrahallen i helga. Sjølv veit eg ikke så mykje om kva LAN er for noko. «Datatreff» gir litt meir meining, men forklarer heller ikkje all verden. Det gjeld sikkert fleire av lesarane. Ei kort innleiing […]

Ordføraren si helsing til Frivilligsentralen

Ordførar Morten Haraldstad hlsar til FRivilligsentralen under jubileumsfesten 26. september 2024. Foto.

Ordførar Morten Haraldstad helsa frå Evje og Hornnes kommune og overrekte blomar, då Evje og Hornnes Frivilligsentral feira 25-årsjubileet sitt på Evjemoen Kino 26. september. Her er den fine helsinga slik at også du som ikke var på festen kan lese. «Først vil eg begynne med å gratulere så mykje med jubileet. Eit kvart århundre […]

Gild jubileumsfest for Frivilligsentralen!

Anne-Marie Birkeland opna festkvelden frå talarstolen. Foto:

Evje og Hornnes Frivilligsentral feira 25-årsjubileum på Evjemoen Kino & Scene torsdag kveld 26. september. Trubadurane Oddvar og Øyvind Omnes – far og son – song i gang festen med Kris Kristoffersen sin udødelege «Me and Bobby McGee». Elin Solheim, ny styreleiar i Frivilligsentralen frå 2024, ønska alle hjarteleg velkomen. Kinosalen var pent sett i […]

10. august: Folkefest i hjarta av Agder!

Spente arrangørar foran konsertområdet der dei vil lage folkefest! F.v. Sven Torsten Persson, Else Haugland, Trond Andreassen og Tore Tveit (Evjemoen Næringspark). Foto.

Laurdag 10. august toppar Rotlaus spelelista, når Otra Musikkfest blir arrangert på Evjemoen for første gong. Det er det nystarta selskapet Evje Event som står bak musikkfestivalen dei håpar skal bli til ein folkefest. Else Haugland på Dølen Hotel, mangeårig manager og legende i det norske musikkmiljøet Sven Torsten Persson og Trond Andreassen frå Lillesand […]

Gudstenester på Jolaftan

Bygland kyrkje. Foto.

Det er Jolaftangudstenester i alle kommunane i Setesdal og dei næraste kommunane rundt. Det skjer også andre hyggelege ting. Her er eit oversyn, henta frå Setesdalswiki sin datoartikkel for søndag 24. desember.

Arrangementsstøtte frå Setesdal IPR i haust

Byglandsrevyen "Halvvegs til Hovden" er eitt av arrangementa som har fått støtte til arbeidet sitt. Her ser me Eirin Emaus som "krypsiv". Foto.

Setesdal interkommunalt politisk råd har ei eiga støtteordning for arrangementsutvikling. I haust er det delt ut 150.000 kr under ordninga. Føremålet med ordninga er auka verdiskaping i regionen. Gode arrangement skapar trivsel, samarbeid og utvikling, og er positive for fastbuande, besøkande og for lokalt næringsliv. Støtta gjeng til utvikling og nyskaping av nye eller etablerte arrangement, med fokus på […]

Koseleg jolemarknad på Ose!

Vigdis Beisland og Nina Bygland. Foto.

Det var ein veldig triveleg jolemarknad på Ose grendehus laurdag. Det var fullt av folk, spennande utstillingar og god graut! Facebooksida til Bygland Husflidslag Eg telte ikkje opp kor mange utstillarar som var med. Men det var temmeleg fullt rundt veggane. I midten av den store salen sat folk og koste seg med god mat […]