Meir enn 80 menneske, kvinner og menn, jenter og gutar, var med då det aller første Rosa sløyfe-løpet blei arrangert i Bygland sentrum laurdag 19. oktober.
Rosa sløyfe-løpet ønsker å skape auka merksemd rundt brystkreftsaka. Anten du går eller spring, er du med og støttar ei god sak. Rosa sløyfe-løpet er ei unik oppleving der me saman bidreg til å hjelpe andre. Les meir på nettsida til løpet. Kreftforeningen og Brystkreftforeningen står bak arrangementet.
Ei ekstra stor fjør i hatten fortener arrangøren, Bygland Husflidslag, for at Bygland er einaste arrangørstaden i innlandet i Agder i 2024.
Farga bygda rosa

I god tid før startskotet kl. 13.00 strøymde deltakarane og trufaste følgesveinar til sentrum. Der var plassen fint pynta opp i rosa fargar og norske flagg. Ein enorm start-/målportal toppa utsmykkinga. Mange av dei som sprang hadde pynta seg opp i rosa klede. Dei mest ivrige hadde til og med farga håret rosa!
Legane Siri Haugetveit og Ragnhild Sørbøen Halvåg, begge frå Åraksbø (!), gav oss ei engasjert innføring i korleis me – og spesielt kvinnene – kunne kjenne igjen teikna på brystkreft.
Så – etter ei feiande frisk, felles oppvarming – la heile startfeltet ut på tur. Alle hadde då på førehand vald seg ut ein distanse på 3 eller 6 km. Nokon sprang seg mest tome gjennom løypa, andre tok det som ein lett joggetur og nokon bare koste seg med ein spasertur gjennom Byglandsbygda.
Stykket held fram under biletet

Eit friskt pust inn i bygdelivet
Felles for alle dei eg såg kome i mål, var ei stor glede over å ha vore i fysisk aktivitet og for å ha bidrege til eit bra arrangement og for ei god sak. For bra, ja det var det verkeleg! Meir enn det òg, for dette var eit friskt og beint fram nydeleg pust inn i bygdelivet.
Stykket held fram under biletet

Stor honnør til gjengen i Bygland Husflidslag for eit bra gjennomført løp. Då lydmann Tor Ånon Kleivane drog fram røykblåsaren ved målportalen, og publikum heia fram kvar einaste deltakar som kom mot mållinja, ja då blei det magisk stemning over den ellers ganske så anonyme parkeringsplassen.
Eldsjelene i Bygland Husflidslag
Igjen var det jentene i Bygland Husflidslag, med god hjelp av trufaste mannlege støttespelarar, som hadde teke på seg å skape liv og røre i bygda. Alt arbeidet med å planlegge og gjennomføre arrangementet har dei gjort på dugnad for den gode saka. Eg som er utanfrå, og ikkje kjenner Byglandsbygda så godt, har mange gonger tenkt: Korleis hadde bygdelivet vore utan desse eldsjelene som skapar så mykje positiv aktivitet? Det må òg takast med at gode lokale sponsorar har støtta arrangementet på ulike vis.
Gro Tove Frafjord Sandnes i Husflidslaget opplyser no i kveld at løpet samla inn rundt 32.000 kroner til brystkreftsaka. Det er alle dei som var med som har ytt desse pengane gjennom deltakaravgifta.
Eg trur alle som var med på dette første Rosa sløyfe-løpet koste seg på Bygland denne blaute ettermiddagen. Ingen såg ut til å la seg vippe av pinnen av regnskylla før start. Og så var det jo så mildt og godt! Her var gratis puppebollar, varm solbærtoddy, medalje og andre remediar til alle og mykje fint å tale om saman.
No laurdag kveld blir løpet følgd opp av «Pink party – Afterrun» på Brygga.
Gratulerer med ein stor Rosa sløyfe-dag i Bygland i dag!
