Opninga av nye Valle kultursenter laurdag 18. april var ei feststund av dei sjeldne. Her er den humoristiske, optimistiske, stolte og fine talen til ordførar Lars Tarald Myrum.
Overskriftene er sette inn ved publiseringa på Setesdalssida.
Talen
«Somme dagar er ekstra store for ein ordførar – og eg må seie at dagen i dag utan tvil kvalifiserer for eit slikt stempel.
Å kunne klyppe snora for nye Valle kultursenter, er å løyse startskotet for ein merkedag som kjem
til å endre bygda og kommunen.
I Valle kommune står kulturlivet sterkt. Gjennom generasjonar har gamal tradisjon kome saman med nye tider – livsveven har utvikla seg til det me i dag kan slå fast er ein sterk og tydeleg kultur, og eit kulturuttrykk som på mange vis er unikt. Me ser bakover for å gå framover. At ein då i dag kan opne dette praktbygget, som skal huse denne levande arven – det er flott.
Talen held fram under biletet

«Vi bruker ikke å more oss her i Valle»
Så er det likevel ikkje slik at all kultur ALLTID har stått sterkt i Valle. Den 21. januar 1935, kunne Fædrelandsvennen rapportere om dramatikk i Valle, då Lensmann Juel Lund greip inn og la ned forbod mot ei visning av filmen Victoria, etter Knut Hamsuns roman.
Journalisten får Lund i tale, og spør: «Er det aldri noen forestillinger oppe hos dere?»
Til dette svarar Lund: «Her var noen røvere som for noen år siden kom rekende med noe fanteri som de kalte for sirkus, men sånt er jo bare den rene pengeutpresning.»
Journalisten fylgjer opp, og spør: «Men der er vel folk i Valle som har en annen oppfatning av film enn de? Og synes de da det er riktig å nedlegge forbud mot en så god film som Victoria?
Lund svarar: «Det er bare noen ungdommer her oppe som bryr sig om å se film. Og de har ikke godt av det.»
For verkeleg å understreke poenget, så legg han til:
«Vi bruker ikke å more oss her i Valle.»
Folkemusikken var heller ikkje alltid så stogerein
Det har altså tidvis vore tøffe tak for filmkunsta, og heller ikkje folkemusikken var allstødt like stogerein. Dette må kunne seiast å ha endra seg mykje i nyare tid, og song- dans- og speltradisjonen har sidan vorte listeført av UNESCO som immatriell kulturarv. Det solide arbeidet både i forkant av dette og ikkje minst i etterkant, med opplegg på skular, aktive kulturskular, rekruttering og arrangement året gjennom, styrkar denne delen av bygdelivet og folkesjela vår. At bygget me opnar i dag blir eit vesentleg bidrag, trur eg alle ser. Eit dunkande hjarta i det noko udefinerbare som me veit kva er – men kan hende ikkje så enkelt kan forklare.
Alt samla på ein stad
Det må vere ein styrke at bygget me opnar i dag ligg i tilknyting til andre tilbod, som idrottshall, symjehall og skjotebane, for å nemne noko. Dette skapar meirverdi, ved at heile området vert ein møteplass, ein stad med gjennomstrøyming av folk, men også ein stad for berre å vere. I starten av denne veka var eg i Helsingfors saman med mellom andre fylkesordføraren som er i salen her i dag. Der fekk me omvising i det nesten nybygde sentralbiblioteket. Slagordet deira, er: «Viss du ikkje har noko å gjere – kom og gjer det her.» Me har ikkje tradisjon for å stele slagord i Setesdal, men plent i dette tilfellet bør me kanskje vurdere å gjere eit unntak…?
På ein dag som dette er det mange å takke, og faren er stor for å gløyme nokon. Det var eit viktig politisk vegval å satse på bygget, men det er Valle kommune, entreprenør og underentreprenørar, prosjektleiing og ikkje minst det friviljuge bygdelivet som har sikra framgang i prosessen. Ikkje minst gler det meg at så mange lokale handverkverksemder har delteke i bygginga.
Takksemd
Så står me her i dag. Spente, ikkje så reint lite stolte, og i grunnen bare takksame. Takk til alle som har bidrege til dette – og til oss alle, gratulerer så mykje med dagen og festhelga!
Og med dette erklærer eg nye Valle kultursenter for opna!
Lars Tarald Myrum»