Drosjesjåfør og prest Bjarne Nordhagen held foredrag på Vonheim bedehus fredag 28. august.
Tekst/intervju: Rune Stormark
Sjølv lærte presten Bjarne Nordhagen mykje om det å sjå og bli sett då han var
drosjesjåfør i Oslo. Fredag 28. august held han foredrag om temaet på Vonheim
bedehus i Bygland.
– Å sjå kvarandre er eit grunnvillkår i samfunnet, seier Bjarne Nordhagen.
Han er mangeårig sokneprest i Øvrebø, Hægeland og Vennesla. I tillegg har han jobba som
personalsjef i Agder og Telemark bispedøme. I dag er han ein aktiv og engasjert
pensjonist som er opptatt av å skape møteplasser for alle slags folk.
Til tross for mange år i kyrkje og kulturliv, var det kanskje tida som drosjeeigar i Oslo
som vekka den djupe interessen for mennesker.
– Vi trenger at nokon ser oss og anerkjenner oss, seier Nordhagen, det trur eg er heilt
grunnleggande hos alle mennesker. Det motsatte, å ikkje blir sett, er veldig vondt.
Det går på sjølvkjensla og eigenverdien laus.
Nordhagen påpeiker at folk er forskjellige. Nokon vil helst vere litt anonyme, sitte på
bakerste benk, og ikkje ta ordet, mens andre er meir utadvendte av natur.
– Vi trenger og å bli sett på vår måte, seier presten, som sjølv betegner seg som
ganske sosial, men med eit klart behov for åleinetid.
– Eg trives åleine og saman med folk i ein god balanse, seier han. Når eg er saman
med andre prøver eg å ta ansvar for at folk blir sett, og sjølv om eg sikkert ikkje alltid
lukkast så trur eg det er viktig å ha auge og øyrer opne.
Bjarne Nordhagen er kjent for sin evne til å formidle viktige tema på ein fengande og
humoristisk måte. Han reiser rundt og holder foredrag i alle moglege samanhenger,
ikkje berre i kyrkja.
– Denne kvelden på Vonheim vil eg ta med meg tilhøyrarane på fire-fem drosjeturar og
dele historier og erfaringer derfrå. Det trur eg kan bli både spennande og artig, seier
Nordhagen.
– Du har møtt ganske mange forskjellige mennesker i ditt virke?
– Å ja, det har eg ikkje tall på. Eg visste aldri kven som satte seg inn i drosja, kor dei
var på veg, eller hva dei ville prate om. Ein må ta det som kommer, og det er vel slik
det er i livet og kvardagen óg, sier Nordhagen.
Det er styret i diakoniarbeidet i Øvre Setesdal som arrangerer temakvelden på
Vonheim bedehus fredag 28. august kl 17. I tillegg til «drosjeturen» med Bjarne
Nordhagen blir det servert song og musikk, setesdalssuppe, kaffe og kaker.