Lars Tarald Myrum gratulerer oss alle med at Tveitetunet er ferdig restaurert. Foto.
Lars Tarald Myrum gratulerer oss alle med at Tveitetunet er ferdig restaurert. Foto: Geir Daasvatn

Ordførar Lars Tarald Myrum om opninga av «nye» Tveitetunet: Gratulerer med dagen til oss alle!

Takk for at eg får kome og helse i høve ferdigstillinga av Tveitetunet, på vegne av Valle kommune.

Det å kome inn her på tunet og sjå denne garden, og då særleg våningshuset, restaurera og opprusta til gamal storheit, det gjer noko med ein. Det gjev ei andaktskjensle å vita at ikkje berre er bygget no sikra for heile vår levetid, men også at arbeidet er gjort fagmessig og bortimot kompromisslaust autentisk. Her er ikkje teke snarvegar, og resultatet det vil stå seg i årevis frametter.

Eg hadde ein kort telefonsamtale med Hind [på Setesdalsmuseet, red. merknad] i går, og det var ei lette i røysta hennar som gjorde at eg skjøna dagen i dag hadde nærma seg vél fort dei siste dagene og vekene. Likevel har ein kome i mål, og kan ynskje oss som er samla her velkomne inn.

Eidsvollmannen jaga futen og skrivaren!

Så seier soga at dette ikkje allstødt har vore tilfelle:

Tveiten var tingstad i gamle dagar, og i samband med ein av desse tingdagane, hadde garden sin mest kjende eigar – lensmann og Eidsvollsmann Olav Knutsson Tveiten – sett seg fyre å ruste opp eldstaden før den store dagen. Stein og leire låg utover heile stogetilet, og han laut nøyte seg for å verte ferdig. Best som det var, så kom futen og skrivaren ridande inn på tunet ein dag før dei hadde meldt at dei skulle kome. Dette var meir enn lensmann Tveiten kunne tole, og han elta dei høge herrar søretter myrane med ein brynestein. Til slutt hiva han brynesteinen atti dei, slik at steinen vart ståande i myra.

Heldigvis er det ingen av oss som er her i dag som står i fare for å verte jaga med bryne eller andre handyvli. Så må det likevel nemnast at Tveitetunet i ein del år har vore heller lite innbjodande. Kontrasten mellom stemneplassen og byggjeplassen var stor. Då restaureringsarbeidet tok til, var det eit naudsynt grep for å bevare eit av dei mest særmerkte kulturminna våre.

Lang ventetid – gleda endå større

Eg trur ingen, anten av dei ansvarlege myndigheiter eller bygdefolket, hadde sett for seg at det skulle gå sopass lang tid før bygget var reist opp att. Frustrasjonen har til tider vore stor, men rammevilkåra for ferdigstilling var ikkje på plass. Så står me likevel her i dag, og kan skode det ferdige resultatet – og om ventetida har vore lang, så gjer det berre gleda større.

For det er ei verkeleg perle av eit bygg me feirer i dag. Tveitetunet har ei tiltrekkingskraft og ei innramming, som gjer at både unge og gamle kan trivast. Lokale og tilreisande har funne fram til denne staden både i kvardag og fest. Mange barndomsminne er skapte her, i skjeringspunktet mellom leik, kultur, dugnad og handel. Det gjer godt å vite at alt ligg til rette for at nye minne kan skapast på Tveitetunet.

Takk!

På ein dag som denne, så er eg nøydd til å takke alle som på eitt eller anna vis har bidrege til at Tveitetunet på nytt står her i stordoms prakt. Takk til handverkarane på Setesdal Bygningsvernsenter og Eystein Greibrokk, og alle medhjelparar for framifrå arbeid. Mange takk til Aust-Agder Museum og arkiv og Setesdalsmuseet , for gjennomføringsvilje og prioritering av Tveitetunet i si portefølje. Takk til Agder fylkeskommune for løyvingane som gjorde mogleg sluttføring av prosjektet.

Så har alltid maten vore ein sentral del av opplevingane på Tveitetunet. I dag veit eg det er lova suppe. Eidsvollsmannen var kjend for ei umåteleg gjestfriheit mot alle som kom til gards, sjølv om førre soga eg fortalde kanskje kunne tyde på noko anna… For Olav Knutsson Tveiten var det braud det var viktig å ha nok av. Eg prøver meg likevel med ei lita omskriving av det som skal vere eit sitat frå han:

Fyrr ell suppa tryte i Tveitin, skal vinden trjote i heio.

På vegne av Valle kommune: Gratulerer med dagen til oss alle !

Del "Ordførar Lars Tarald Myrum om opninga av «nye» Tveitetunet: Gratulerer med dagen til oss alle!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.