Tveitetunet 5. september 2015. Foto: Geir Daasvatn

Tveitetunet – Valle

Tveitetunet er eit friluftsmuseum under Setesdalsmuseet på garden Tveiti i Valle.

Museet var bustaden til bonde og lensmann Olav Knutsson Tveiten (1758–1837). Han møtte på riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som utsending frå øvre Setesdal.

Setesdalsmuseet kjøpte tunet i 1969, og eit stort restaureringsarbeid vart sett i gang. Ei løebygning blei sett opp, og museet fekk også hand om den gamle arrestbygningen på Tveiten.

Tveitetunet var tidlegare utstillingsplass for brukskunstnarar på Valleutstillinga om sommaren, og har vore arena for den årlege kulturstemna i Valle; Tveitestemna.

Svært restaureringsarbeid

Hovudbygningen under restaurering 14. april 2018. Foto: Geir Daasvatn

I 2017 blei tømmerkassa på hovudbygget i tunet plukka ned og frakta til laftehallen til Setesdal Bygningsvernsenter på Rysstad for restaurering. Arbeidet var kostnadsrekna til 1,5 millionar kroner. No er alt på plass igjen og «nyopning» av Tveitetunet er 11. juli 2026.

Hovudbygningen i Tveitetunet 26. desember 2023. Foto.
Hovudbygningen 26. desember 2023. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

Meir om tunet

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

Sosteli jernaldergard – Åseral
Høgås skianlegg – Evje
Hegni friluftsområde
Setesdalsmuseet – Rysstad
Brokke-Suleskarvegen
Evje Aktivitetspark – masse muligheter for gøye aktiviteter!
Minne kultursenter – Åseral
Furuly friluftspark – Evje
Kulturpatrulja
Storetjønn – Nordbygdi
Evjemoen Forsvarsmuseum
Stoga – Bygland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.