Neset Camping 24. juni 2018. Foto: Geir Daasvatn

Neset Camping

Campingplassen ligg ved Riksveg 9 mellom Byglandsfjord og Grendi i Bygland. Han er ein roleg 4-stjerners campingplass, i eineståande vakre omgivnader på eit nes som stikk ut i Byglandsfjorden.

Svært mange stamgjestar har campingvogn ståande på Neset Camping heile året. År om anna har campingplassen 30.000–40.000 gjestedøgn. Sommaren 2021 var det rekordbesøk. Då var det somme døgn i slutten av juli godt over 1.000 overnattingsgjestar.

Campingplassen har 31 campinghytter og over 200 straumuttak. Det er eige bubilområde heilt nede ved fjorden.

Det er tre moderne sanitæranlegg, med vaskemaskiner, tørketromlar og badstu. Hyttene er i ulike storleikar, med mellom fire og åtte sengeplassar. Det er gode leiketilbod til barna, stor hoppepute, badestrand, båtutleige og vanntrampoline som kan skape ein aktiv ferie for små og store.

I sentralbygget er det både gatekjøkken og kafé med alle rettar. Her er òg kolonialbutikk og resepsjon.

I sesongen arrangerer Neset Camping elgsafari fleire gonger i veka. Fleire turløyper er haldne ved like av eigaren av campingplassen, Olav Neset. Tjovehedderen turløype til Tjovehedderen og Årdalsknapen turløype til Årdalsknapen er nytta av mange av gjestene på campingplassen.

Du kan leige robåt, kano, kajakk og sykkelbåt. Byglandsfjorden er eit eldorado for både korte turar og ein dagstur for den saks skuld.

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell
Fjellestad/Tveit skiløyper – Hornnes