Reiårsfossen 12. mai 2018. Foto: Geir Daasvatn

Reiårsfossen

Reiårsfossen er ein over 200 m høg foss ved Riksveg 9 like sør for Ose i Bygland.

Segna om Reiår, og korleis Reiårsfossen fekk namnet sitt, er kjend i mange variantar.

Ein variant er at ein av bygdas husmannsgutar, Reiår (gamal skrivemåte for Reidar), hadde forelska seg i ei gardsjente på Ose. For å få henne sette bonden som vilkår at han skulle ri over den øvste delen av fossen tre gonger. Det gjorde han. Men segna fortel at han ville ta ein tur til over fossen til ære for den komande brura si. Det fekk fatale følger, fordi både hesten og Reiår fall ned i fossen og mistet livet.

Ein annen variant er at Reiår hadde drepe ein mann. Han blei dømd til døden. Men om han kunne ri tre gonger over fossen skulle han berge livet. Det klarte han med glans. Men då ville han ri over fossen ei fjerde gong, til ære for kjærasten. Då gjekk det gale, og både Reiår og hesten stupte i døden.

Rasteplass

Like nedanfor fossen er det ein enkel rasteplass. På andre sida av riksvegen ligg Reiårsfossen Camp. Her arrangerast fleire festivalar og stemne kvart år.

Det går ein heilårs bomveg til toppen av fossen og vidare innover til Store Reiårsvatn og Lille Reiårsvatn. Noko før toppen av kleiva er det skilt som syner veg gjennom skogen til fossen.

Kjelder

Sjå også

Meir om Setesdal

Reiårsfossen med Osefita langt der nede 3. oktober 2017. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping