Daleviki 29. september 2022. Foto: Geir Daasvatn.

Daleviki badeplass – Byglandsfjorden

Dette er ei verkeleg fin, familievenleg og sørvendt badestrand på Dale på vestsida av Byglandsfjorden.

Daleviki – som dei lokale meiner skal heite Dalskilen og Evje-folk gjerne kallar Dalebukta – er ein veldig populær bade- og rasteplass. Det er god atkomst til staden, og greitt å parkere. Men det er ikkje offentleg toalett her. Så det lyt du ta med i planlegginga før du legg avgarde.

Det er ein del hytter i området, både på Hagenes rett ved og på Langenesøyi og Breienes litt lenger sør.

Strekninga mellom Senum og Storestraumen er ein del av Nasjonal sykkelrute nr. 3. Daleviki er ein glimrande stad for ein liten pause og kanskje ein forfriskande dukkert før turen går vidare.

Korleis kjem du hit

Frå rundkøyringa på Byglandsfjord tek du Fylkesveg vestover mot Senum. Du køyrer nordover på fylkesveg 3778 langs vestsida av Byglandsfjorden, og passerer gardane Horverak, Bø og badeplassen Sines. Når du kjem til den svære svingen på Dale, skal du ikkje ta til venstre inn mot gardsbruka på Dale men følge fylkesvegen ein liten kilometer vidare. Då er du straks i Paradiset! Det er kanskje rundt 10–11 km å køyre opp til Dale frå Byglandsfjord.

Nordfrå tek du av frå Riksveg 9 rett nord for Storestraumen, og følger den same fylkesveg 3778 sørover langs vestsida av Byglandsfjorden. Du passerer gardane Hamre, Skevrak, Nånes og Frøyrak, og er straks etter det på Dale. Eg vil rekne avstanden frå Storestraumen til Dale til noko i nærleiken av 10 km.

Kart over området

Sjå også

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell
Fjellestad/Tveit skiløyper – Hornnes