Heisfossen 9. september 2017. Foto: Geir Daasvatn

Heisfossen – Bygland

Heisfossen (Heistadfossen) er eit svært fossefall i Heisåni på Heistad, nord-aust i Bygland. 

Heisvatn, som Heisåni renn ut frå, er noko regulert. Om lag 44 % av vassføringa i Heisvassdraget blir overført til Hovatn kraftverk. Men uttaket frå Heisvatn ligg så høgt at Heisfossen aldri blir heilt tørrlagt. I flaumtider med mykje nedbør og vatn er det stor vassføring i elva, og fossen er like stor som før og eit mektig syn.

Korleis kjem du dit

Den mektige fossen sett frå nedsida. Foto: Geir Daasvatn

Frå Riksveg 9 tek du over til austsida av Otra på Ose bru. Ved første vegkryss tek du nordover mot Austad. Køyr gjennom heile Austad og vidare til Heistad.

Etter at du har passert busetnaden på Heistad, kjem du til avkøyrsla til Hekni kraftverk. Sving inn der, og deretter oppover skogsbilvegen mot Heisvatn. Det er bomveg, og du må betale ein liten pengesum for å køyre vidare. Vegen passerer forbi Heisfossen, som såleis er lett å kome fram til.

Du kan også gå eit par hundre meter gjennom skogen frå fylkesvegen inn til botnen av fossen, om du tykkjer det er like spennande.

Er du framleis usikker på om du finn fram, ser du alt greit på kartet under her.

Kart

Kjelder

Rett i nærleiken

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Fleire attraksjonar

Galleri Systog Dale
Rakkenes – Byglandsfjorden
Lislestog – Bykle
Jarebu – Bykle
Odden Hage – vakkert hageanlegg på Evje
Bossvassdammen
Evjemoen Forsvarsmuseum
Evje Mineralsti
Evje Klatrepark
Bykle Hotell
Storetjønn – Nordbygdi
Hornnestangen – bygdas Copacabana!

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.