Mykleåsen turløype – Evje

Mykleåsen er eit fjell (512 moh.) i Flatebygd i Evje. Det går ei fin turløype gjennom gamalt, historisk gruve- og mineralterreng til toppen av fjellet. Fleire stader er det opne glenner, der du har eit mektig utsyn ut over Otradalen og Evje. Litt historie Rundt 1830 prøvde dei først å ta ut koparmalm frå fjellet. I åra […]
Gruveblikk – dagsturhytta i Evje og Hornnes

Gruveblikk er dagsturhytta i Evje og Hornnes kommune. Ho ligg ved Nygruva ved Flåt nikkelgruve, om lag fem kilometer nord-aust for Evje sentrum. Hytta kom opp hausten 2023. Ho blei offisielt opna 12. november 2023. Ho har ei verkeleg fin plassering, med majestetisk utsikt nedover mot Evje og Otradalen. Thor Widar Wienenga har rydda i […]
«Gamle» Breistøl – Hornnes

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså – Neregarden på Kjetså i Hornnes. Staden ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før du kjem til Tveit i Hornnes austfrå. Det er ein kort tur å spasere inn til Breistøl, eller sykle, men interessant og tankevekkande å vandre mellom dei gamle hustuftene og filosofere litt over det […]
I fotspora til setesdølane: Eldjannskleivan på Hægeland

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru. I dag er dette ei veldig fin turløype. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko […]
Juvassvegen – Åseral

Juvassvegen går frå Austegard i Åseral, på austsida av elva Logna, nordover til Juvassdammen i søre enden av Juvatn. Det er ein fin sykkeltur! Vegen er om lag seks km lang. Han er open for almenn ferdsle, om du vil køyre med bil. Han går mellom anna forbi dei vakre fossane Store-Rjukan og Lisle-Rjukan i Logna-elva. Her er mange fine badeplassar om sommaren. […]
Kallshovet – Hornnes

Kallshovet er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes. Det er bare ein kort tur å gå, men toppen er eit veldig fint utsiktspunkt. Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som derifrå likna eit kalvehovud, fall det heilt naturleg å kalle denne fjelltoppen for […]
Snipa på Longerak – majestetisk utsiktspunkt!

Høgt oppe i lia mellom Longerak og Longeraksvatnet ligg Snipa, eit utkikkspunkt med eit enormt utsyn ned til Longerak, over mot Frøyrak, og endå mykje lenger både sørover og nordover Byglandsfjorden. Snipa er ikkje eit offisielt namn på fjellet. Kva namnet kjem av veit eg ikkje. Staden blei litt kjend for turgåarar då toppen fleire […]
Skogsbilvegen Heistad – Fiskeløys

Frå Heistad i Bygland kan du køyre, eller like gjerne sykle, rundt fem km på fin skogsbilveg innover i nydeleg heieterreng til vatnet Fiskeløys. Eg har bare vore innover vegen her ein einaste gong, for rundt sju år sidan. Så skildringa av turen kan ikke bli så veldig detaljert. Til det er hugsen alt for […]
Skogsbilvegen Jordalsbø – Eksæ

Frå Steinstog øvst oppe i Jordalsbø går det skogsbilveg, Eksævegen, mange kilometer austover i heia til Jordalsvatn, vidare til den gamle støylen Øy og til slutt det store vatnet Eksæ. Du kan køyre bil på vegen, ein dagstur, mot ei bomavgift på bare 50 kr. Om du heller vil jogge eller sykle, er det ei […]
Røyrtveit naturreservat – Evje

Røyrtveit naturreservat, også kalla «Den freda åsen» og «Urskogen», er eit 49 dekar stort freda barskogområde, ein urskog, mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Fredingsvedtaket blei gjort så tidleg som 21. juli 1917. Det var det aller første naturområdet som vart freda i Agder, og eitt av dei første i Norge. […]
Bertesknapen tur- og sykkelløype – Evje

Enten du vil gå på apostlenes hester, eller ønsker å sykle for å få mer vind i håret, er Bertesknapen nord i Evje et knallbra turmål! Fjellet er det høyeste i gamle Evje kommune, 652 moh. Fra Nordbø i Flatebygd til Bertesknapen Hvis du har lyst på en tur i nydelig skogsterreng, kan du starte […]
Hovsdalen – Hylestad

Frå Hovet i Hylestad går Gjerdestøylvegen om lag sju kilometer oppover og innover i heia til Hovsdalen med mange gamle støylar og vakkert landskap. Du kan køyre ein tur med bilen. Det er ein betalingsveg. Du betaler 100 kroner for ein dagstur ved starten av vegen. Du kan betale kontant, med Vipps eller til bankkonto. […]
Nasjonal sykkelrute nr. 3 gjennom Evje og Hornnes

Nasjonal sykkelrute nr. 3 går fra Kristiansand til Haukeligrend. Traséen gjennom Evje og Hornnes er nesten flat og veldig fin for en sykkeltur. Det gjelder enten du vil ut på en knallhard treningstur på terrengsykkelen eller bare vil ta en rolig søndagsutflukt med familien. Løypa passer dessuten veldig godt til en tur på el-sykkel, som du […]
Langs Vikstølvegen til heiegarden Vikstøl

På heia mellom Flatebygd og Gautestad i Evje går Vikstølvegen frå Suva sørover til den fråflytta heiegarden Vikstøl. Turen går gjennom noko av det mest idylliske landskapet vi har i bygda vår. Ein sykkel- eller spasertur her ein varm midtsommarkveld er uforgløymeleg. Prestøygard og Storøygard Frå starten ved Suva går Vikstølvegen først forbi Prestøygardsvatnet og Storøygardsvatnet. Det […]
Jarekollen – Bykle kyrkjebygd

Jarekollen er fjellet som kneisar opp rett «bak» Bykle kyrkebygd. Frå toppen er det ein fantastisk utsikt utover fjellheimen i Bykle. Her ligg også dagsturhytta Jarebu. Slik eg skjøner det, har Jarekollen «alltid» vore eit turmål for byklarane. Men hausten 2022 blei dagsturhytta Jarebu sett opp her. Eg vil tru mange, mange fleire ivrige turgåarar, […]
Bykle ljosløype

Dette er ei fin rundløype med grusunderlag. På sommaren kan du både gå og sykle rundt løypa. På vinteren er det oppkøyrt skiløype. Bykle ljosløype nokre bratte bakkar innimellom. Men ikkje verre enn at du gjerne kan ta ein tur med barnevogna eller ein elektrisk rullestol. Heile runden er 5,5 km lang. På høgaste punktet […]
Himmelsyna – Evje

Fjellet ligger 649 moh. Toppen er i Froland kommune, helt på grensa til Evje og Hornnes og Birkenes kommuner. Fra Himmelsyna har du en fantastisk utsikt; havet kan blinke i sør-øst mot Lillesand og Grimstad. Du har 360 graders utsyn utover 15–16 av kommunene i Agder. Toppen er et av de fineste turmålene i Evje og […]
Evje natursti

Evje natursti starter ved Oddeskogen barnehage, og går på fin sti gjennom stille skogsterreng lett oppover til Odde gård. Det er grei parkeringsplass der løypa starter, rett ved barnehagen. Bor eller camper du i Evje-området, er det passelig sykkelavstand opp til Oddeskogen. Ved starten av løypa står det flotte informasjonsskilt om de ulike løypene i området. […]
Skjoldmøynuten ved Åraksfjorden

Skjoldmøynuten er eit fjell med flott utsikt utover Åraksfjorden, omtrent midtvegs mellom Frøysnes og Ose. Det går ei kort, men veldig idyllisk turløype opp til toppen frå Andvorvegen ved Store Reiårsvatn. Du kan også følge merka stig vidare sørover til Geitryggen, eit anna veldig fint utsiktspunkt. Skjoldmøynuten er ein av toppane i #bygland23. I artikkelen […]
Horgeknipen turløype

Horgeknipen turløype ved Byglandsfjord tar til fra Senum helt nord i Hornnes, og og ender på toppen av Horgeknipen på grensen mellom Evje og Hornnes og Bygland kommuner. Nær toppen ligger en bygdeborg fra folkevandringstiden. Vel oppe kan du nyte en fantastisk utsikt nordover i Setesdal. Turens lengde én veg er om lag 2 km. […]
Vatnedalsvegen – Grendi

Frå Grendi i Bygland kan du sykle eller køyre bil mange kilometer innover i Grendisheia. Ja, heilt til Åmli kjem du! Vatnedalsvegen tek til frå Hovstad i Grendi. Det er ein bomveg der du betaler 130 kr (Vipps til 563948) for ein enkelttur med bil. Å sykle kostar ingenting. Etter ei ganske bratt oppstiging flatar […]
Ånebjør – Bygland

Ånebjør er ein heiegard langt inne i fjellheimen i Bygland vesthei, på grensa mot Åseral. I utstrekning er han den største i Bygland kommune. Garden ligg vakkert til ved elva Logna, nord for Beinsvatnet og Juvatn. Han er først omtalt i skriftlege kjelder i 1647. I 1875 var det tre bruk på Ånebjør. Dei hadde hestar, kyr, sauer og geiter. […]
Prestefossen tursti – Valle

Ei unik turløype gjennom spennande kulturlandskap – ei tidsreise gjennom 1000 år! Prestefossen tursti tek til frå Valle sentrum, og går over Prestefossen hengebru til Nomeland på andre sida av Otra. Du kan også parkere bilen eller sykkelen på parkeringsplassen ved innkøyringa til Steinsland frå Riksveg 9 (nord for brua, nord for sentrum). Turen held […]
Allmannavegen – Evje

Dette er en flott turløype i nydelig skogsterreng mellom Oddestemmen og Haugen/Åneland i Evje. Allmannavegen i en større sammenheng er en historisk ferdselsveg fra Evje til Arendal. Du kan starte turen ved Oddestemmen, om lag 700 meter oppover Gautestadvegen fra Evje kirke. Her er det på høyre side av vegen grei parkeringsplass og fine informasjonstavler. Hele […]
Einang – Valle

Det går ei kjempefin turløype opp til toppen av segnomsuste Einang nord i Valle. Du må få teke turen før fjellet ramlar ned! Eit gamalt segn fortel at om sju brør giftar seg med sju systre vil fjellet rase ned. Segnet finst også i fleire andre variantar, som du kan lese meir om m.a. på […]
Langevatn – Åseral

Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020. Frå dammen kan du sykle eller gå vidare på Langevassvegen, om lag åtte km nordover til andre enden av vatnet. Frå enden av vegen er det bare ein kort fottur på rundt tre km på stig til den kjende fjellgarden Pytten. Den nye […]