Det har vore fem kjende bygdeborger i Evje og Hornnes. Ved sida å vere spennande kulturminne er dei fine turmål.
Det går mot vår, og snart smeltar snøen vekk. Du er kanskje ein av oss som då finn glede i å kome ut på tur på beina i skog og mark. Dei fem bygdeborgene i Evje og Hornnes er greie turmål der du kan kombinere mosjon og turglede med spennande kulturopplevingar.
Her er eit oversyn over dei fem bygdeborgene, med lenke til stykke der du kan lese meir om kvar enkelt av dei og korleis du finn fram.
- Horgeknipen turløype, Senum/Horverak
- Bygdeborga på Urdalsfjell, Åvesland, Evje
- Steinsfjell, Evje sentrum
- Kallshovet, Kallhovd, Hornnes
- Kleveknuten, Hannås, Hornnes
Eg ynskjer deg ein fin tursesong!