Mærstøyl i Hovsdalen 10. august 2023. Foto: Geir Daasvatn

Hovsdalen – Hylestad

Frå Hovet i Hylestad går Gjerdestøylvegen om lag sju kilometer oppover og innover i heia til Hovsdalen med mange gamle støylar og vakkert landskap.

Du kan køyre ein tur med bilen. Det er ein betalingsveg. Du betaler 100 kroner for ein dagstur ved starten av vegen. Du kan betale kontant, med Vipps eller til bankkonto. Det står skilt med god informasjon om alt dette på staden.

Ved enden av den opne bilvegen er det grei parkeringsplass. Der kan du sette ned bilen, og gå vidare i ein kilometer eller kanskje to inn til Vindåsen. Du går gjennom eit gamalt støylslandskap, forbi støylar som Gjerdestøyl, Mærstøyl, Forstøyl, Liestøyl og Vindåsen. På slettene i dalbotnen renn Vindåsåna. Det er eit nydeleg, idyllisk landskap som gir fred og ro i sjela!

Eit alternativ er å sykle den same vegen. Det går veldig bratt oppover dei første par kilometerane, så du bør vere i rimeleg god form for å velge det alternativet. Når du er på toppen av kleiva er det småkupert vidare innover i heia, og fine sykkelforhold på god grusveg.

Kart over området

Stykket held fram under biletet

Gjerdestøyl ligg ved enden av den opne grusvegen. Du kan kome eit stykke vidare på sykkel eller til fots. Foto: Geir Daasvatn

Støylslivet var nok ikkje bare idyll

Eg har aldri opplevd støylslivet på heia; i høgda bare nokre hesjedagar i barndommens somrar på Flystveit i Åseral. Så eg har ikkje nokon aning om korleis støylslivet var. Eg og kanskje fleire med kan vel ha ein lei tendens til å romantisere dette livet i fantasien. Kanskje var det helst bare slit og strev?

Her var det liksom ikkje innlagt vatn og toalett, og inga legevakt ein kunne ringe på tlf. 116 117 når noko gjekk gale.

Men då eg gikk og kikka meg litt rundt i dette vakre landskapet, kunne eg ikkje anna enn å tenke at her må då mange ha hatt nokre fine stunder opp gjennom tidene. Kanskje kjent glimt av lukka?

Eg håpar det!

I nærleiken

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Hovsdalen – Hylestad"