Skjellestøyl. Foto: Geir Daasvatn

Bjørgedalen – Hylestad

Det går mot sommar. I heile Setesdal er det utruleg mange fine stader å sjå og besøke. Både langs Riksveg 9 og i heiane på begge sider. Bjørgedalen i Hylestad er eit paradis for ein tur!

Bjørgum, som ligg tvers over Otra for Rysstad, kan du køyre (bomveg, mot betaling) eller sykle austover i heia gjennom gamalt støylslandskap i Bjørgedalen i mange kilometer.

Eg er ikkje så godt kjent her oppe. Men den eine gonga eg har vore her, var eg innom minst fem gamle støylar. Bildet øverst syner Skjellestøyl. Litt før det ligg Fisstøyl. Nær Skjellestøyl ligg Nyestøyl. Inne i enden av dalen ligg Forstøyl og Finnstøyl.

Det er endå fleire, som eg ikkje fekk med meg. Eg meiner eg har lese ein stad at fleire av desse støylane kanskje også er gamle gardar, langt tilbake i tid. Ein kombinert biltur til Bjørgum med sykkeltur i Bjørgedalen trur eg kunne bli til stor glede for deg.

Skjellestøyl

På Skjellestøyl traff eg naturfotograf Jan Thomassen frå Vennesla. Slik eg forstod det, er det han som disponerer støylen. Det var i alle fall slik då eg var forbi. Bygningane og tunet rundt er utruleg fint halden i stand. Det var ei stor glede å få lov til å gå omkring der og fotografere. Takk til Jan for det.

Forstøyl og Finnstøyl

Forstøyl og Finnstøyl. Foto: Geir Daasvatn

Inst i Bjørgedalen ligg Forstøyl og Finnstøyl. Me kan sjølvsagt ikkje leve av fortida. Me må tilpasse oss den moderne verda. «Tute med ulvane», så og seie.

Eg har aldri opplevd støylslivet på heia; i høgda bare nokre hesjedagar i barndommens somrar på Flystveit i Åseral. Så eg har ikkje nokon aning om korleis støylslivet var. Eg og kanskje fleire med kan vel ha ein lei tendens til å romantisere dette livet i fantasien. Kanskje var det helst bare slit og strev?

Her var det liksom ikkje innlagt vatn og toalett, og inga legevakt ein kunne ringe på tlf. 116 117 når noko gjekk gale.

Men då eg sat på ein stein og kikka ut over dette vakre landskapet, kunne eg ikkje anna enn å tenke at her må då mange bjørgumsfolk ha hatt nokre fine stunder opp gjennom tidene. Kanskje kjent glimt av lukka?

Eg håpar det!

I nærleiken

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Bjørgedalen – Hylestad"