Setesdalsmuseet sitt hovudkvarter er på Rysstad, i museumsbygget som dronning Sonja opna i 1993. Museet er ei avdeling av Aust-Agder museum og arkiv IKS.
Setesdalsmuseet er «landets lengste museum», og har faste utstillingar i Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland. Dagleg leiar er Hind Helene Harira. Ho tok over etter Leonhard Jansen frå hausten 2023. Leonhard hadde igjen overteke stillinga etter Anna Stella Karlsdottir i august 2019. Museet har rundt ti tilsette.
Utstillingane på Rysstad er opne kvar dag i sommarsesongen kl. 10–16. I 2025 er det frå 24. juni til og med 10. august.
Utanom sesongen kvardagar mandag–fredag kl. 10–15 og etter avtale.
På Rysstad

I museumsbygget på Rysstad finn du eit variert tilbod av utstillingar. Nokre er det museet kallar faste utstillingar og vert ståande over fleire år. I den nye utstillinga «Løyni. Gøymestad i Setesdal» kan du få ei reise inn i samspelet mellom den materielle og den immaterielle kulturarven i Setesdal.
Eit anna døme er dei fabelaktige teikningane til Olav Bjørgum, ei utstilling som opna i 2024.
Andre utstillingar står kortare tid, kanskje bare ein sommar.
Museet har særleg kompetanse på bygningsvern, drakt og gamle foto. I tillegg kjem sjølvsagt alt det som har med gamle gjenstandar og historie frå dalen å gjere.
Oversikt over dei 14 avdelingane til Setesdalsmuseet frå Hovden til Iveland
Kjelder
- Artikkelen om museet på Setesdalswiki
- Om museet hos Visit Sørlandet
- Heimesida til museet