Marhyl i Otra 12. mai 2018. Foto: Geir Daasvatn

Marhyl – Hylestad

Marhyl eller Marhøl er den fine badeplassen i Otra, rett ved Otra Kraft sitt hovudkvarter på Nomeland, om lag tre kilometer nord for Rysstad.

På austsida av Riksveg 9 er det opparbeidd ein grei parkeringsplass. Så er det nokre meter å gå frå parkeringsplassen ned til badeplassen. Her er det både svaberg og sandstrand. Plassen er oversiktleg for vaksne som vil halde auge med ungane sine.

Det er toalettanlegg på staden.

På fine soldagar er badeplassen svært populær, for vatnet har truleg høgaste temperaturen av badeplassar i Valle.

Sjå også

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell