Bygland museum

Bygland museum ligg på Prestneset nær Bygland sentrum, og er ei avdeling eller samling under Setesdalsmuseet. Museet er nyrestaurert.

Anlegget syner byggeskikk og kultur frå midten av 1600-talet, då folk budde i sotete stover
med ljore i taket for ljos og røyk, og med harde benkar langs veggane.

Stykket held fram under biletet

Årestoga ved Bygland museum. Foto: Geir Daasvatn

Bygt inntil er den meir «moderne» nyestoga frå Heistad, med skorstein og vindauge, himmelsenger og loftsetasje.

Oseløa (under) er også flytta hit.

Rett ved museet er det ei nydeleg badestrand med friluftsområde, dampskipsbrygge, Bjoren Brygge kafé og pub, kulturkafeen Stoga med Turistinformasjon, nye Prestneset Bobilcamp og ladestasjon for el-bilar.

Opningstider

Museet er ope i sommarsesongen, i 2025 kvar dag frå 24. juni til og med 10. august kl. 10–16.

Det er gratis inngang.

Kjelder

Meir om Setesdal

Oseløa. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Storstraumen
Galleri Systog Dale
Setesdalsmuseet – Rysstad
Hegni friluftsområde
Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Mineralparken – en steingal verden!
Juvassdammen – Åseral
Kulturpatrulja
Neset Camping
Åknes – Lognavatn
Dam Sarvsfoss – Bykle
Huldreheimen – Bykle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.