Brokkestøylen 4. oktober 2022. Foto: Geir Daasvatn

Brokkestøylen glaskafé og glamping

Staden byr på overnatting, mat og drikke med lokale spesialitetar og ulike spennande kurs og aktivitetar ute i naturen.

Måltida på Brokkestøylen blir serverte i den vesle støylen frå 1850-talet, eller i det spesielle glashuset. Om natta søv du i eco-luksus domar rett ved bekken som renn forbi.

Brokkestøylen ligg på Furestøyl, rundt fem kilometer vestover på Brokke-Suleskarvegen frå Riksveg 9. Vertskap er Gro & Erik.

Destilleri

Våren 2023 vert det sett opp to nye laftebygg. Der er planen å ha destilleri som skal produsere høglandswhisky og Gama-Gin.

– Draumen er å lage brennevin på lokale eiketønner, seier eigar Erik Berglihn til lokalavisa Setesdølen.

Les mykje meir på heimesida deira

Sjå også

Glampingdomane. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Kvennevassdammen – Ljosland
Hornnestangen – bygdas Copacabana!
Bygland museum
Hornnes jernbanebru
Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Sylvartun
Kulturpatrulja
Evjemoen Forsvarsmuseum
Reiårsfossen
Setesdalsmuseet – Rysstad
Bossvassdammen
Evje Mineralsti

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.