Ose Turistheim vinterstid. Foto: Geir Daasvatn

Ose Turistheim

Turistheimen slik han står i dag er bygd ca. 1909. Men den laftebygde 1. etasjen er truleg frå ca. 1887, då det først kom turiststasjon på Ose. Han er den eldste turiststasjonen i Setesdal som framleis er i drift.

Ose Turistheim er eit intimt lite hotell med 6 gjesterom og 14 senger. Både innvendig og utvendig har turistheimen behalde sin originale karakter. Her får du òg servering av heimelaga tradisjonsmat.

På den fredelege Turistheimen har du gode mogelegheiter til å drøyme deg vekk, slik Frank Egil Reise gjer her sommaren 2024. Foto: Geir Daasvatn

Agder Overnatting ved Roald Klungland leiger bygget av Bygland kommune. Signe Røinås  har drive verksemda i over 20 år, og står framleis for dagleg drift. Det er ein fabelaktig reportasje om henne og Ose Turistheim i Fædrelandsvennen sitt jolemagasin i desember 2024, og på FVN.no, skrive av Birgitte Klækken og med nydelege foto signert Lena Lislevand (betalingsmur).

Opningstidene er ikkje faste. Verksemda er stengd delar av året (om vinteren). Søndag 1. desember var siste opningsdag i 2024. Sjekk Facebooksida til Ose Turistheim for oppdatert informasjon.

Spennande på Ose

Ose var eit travelt sentrum i Setesdal tilbake i tid. Her er eit sjeldan bygnings- og kulturmiljø. Tvers over vegen for Turistheimen ligg den særmerkte Storstoga frå 1600-talet. Eit høgdepunkt om sommaren er det tradisjonsrike Ose Matmarknad.

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, s. 579–590

Sjå også

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

Lislestog – Bykle
Støylen Camping – Ose
Kulturpatrulja
Høgås skianlegg – Evje
Dam Sarvsfoss – Bykle
Heisfossen – Bygland
Byglandsfjord stasjon
Tangen – Bygland
Byklestigen
Gloppefossen – Valle
Furuly friluftspark – Evje
Odden Hage – vakkert hageanlegg på Evje

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.