Velkomen! Olav Grendstad og Harde Johannessen tek gjerne ein prat om du stikk innom. Foto: Geir Daasvatn

Stoga – Bygland

Stoga er ein kulturkafé på Prestneset i Bygland. Turistinformasjonen i Bygland er også her.

Det er kafé med enkel servering og skjenkeløyve, kulturarrangement, møte, konsertar, revy, teater, guiding, folkemusikk og dans og mykje anna. I tillegg ivaretek Stoga på vegne av kommunen funksjonen som Turistinformasjon.

Stoga disponerer óg nokre museusmbygningar i Bygland museum rett ved, til dømes ei årestoge. Dei kan hjelpe med å leige utstyr på BUA Bygland.

Innomhus er det bøker, blad, nokre aviser og det er mogleleg å sitte her og jobbe med med medbrakt pc/mac (trådlaust internett). Det finst spel og leikar for born, og til tider youtubefilm oppe på veggen.

Utandørs ligg den vakre Byglandsfjorden bare og ventar på deg. Om sommaren legg den vedfyrte dampbåten Bjoren til ved Bygland brygge få meter unna.

Facebooksida til Stoga finn du meir informasjon om kva som til einkvar tid er på plakaten.

Stykket held fram under biletet

Ein kaffikopp og eit lite kringlestykke her, og dagen er bortimot perfekt! Foto: Geir Daasvatn

I vinterhalvåret er opningstidene

  • Fredag 15 – 20
  • Sundag 13 – 20
  • og elles når skiltet med «Ope kafé» står ute, og det er kalleg ofte, og stadig oftare

Opningstider om sommaren

Om sommaren er det ope alle dagar i veka. Info med meir nøyaktige opningstider kjem når sommaren nærmar seg.

Eigarar

Stoga A/S er eigd av Olav Grendstad (dagleg leiar), Harde Johannessen (vaktmeisterleiar) og Åsmund Åmdal. Bygningen tilhøyrer eit kommunalt eigedomsselskap.

Stoga er verkeleg ein fin plass for ein stopp når du er på tur gjennom Setesdal!

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell