Storstraumen 17. juni 2017, på opningsdagen for den nye, flotte rasteplassen. Foto: Geir Daasvatn

Storstraumen

Storstraumen ligg i Otra-vassdraget, og er ein naturleg barriere mellom øvre del (Åraksfjorden) og nedre del av Byglandsfjorden. Dette er eitt av dei trongaste punkta i heile elvelaupet. Riksveg 9 passerer over Storstraumen på bru.

Frå gamalt av låg Byglandsfjorden lågare enn Åraksfjorden. For å sikre båttrafikken mellom dei to delane av fjorden, blei det bygt ei sluse ved Storstraumen i 1869. General Oscar Wergeland skal ha vore ein av dei største drivkreftene bak prosjektet.

Saka held fram under biletet

Slusa i Storstraumen. Foto: Geir Daasvatn

Knut Åsulvson Stigemo frå husmannsplassen Stigemo, og alle husmennene på Stigemo etter han, hadde arbeid som slusevoktarar. Det var ei offentleg stilling.

Etter at det blei bygt ein demning nord for Evje, steig vasstanden i Byglandsfjorden med først to og seinare tre meter. Etter det var det ikkje naudsynt med sluser. Dei er likevel i bruk i dag, når dampbåten Bjoren går i sommarrute. Slusene vart fornya i 2006.

Riksveg 9 går altså på bru over Storstraumen. Ved sida av dagens vegbru frå 1963, er her også ei gamal steinkvelvbru frå 1915. Den første brua her var ei trebru, bygt i 1858. Før den tid måtte ein ro eller ferje over Storstraumen.

Saka held fram under biletet

Den vakre steinkvelvbrua frå 1915. Foto: Geir Daasvatn

I tillegg til bruene over hovudlaupet, er det også mindre bruer over det vestre laupet. Det er her dampbåtslusa er.

Rett over på vestsida av Storstraumen har Statens vegvesen fått stelt i stand ein verkeleg fin rasteplass, med toalett, benkar og bord og grei oppstillingsplass for bilar og campingbilar. Frå rasteplassen går det ein koseleg gangveg bort til slusa og bruene. Om du er på utkikk etter ein stad for ein liten pause på veg gjennom Setesdal, er dette absolutt ein av plassane du vil ha stor glede av mens du kviler deg litt!

Les om det ambisiøse, men mislukka kanaliseringsprosjektet ved Storstraumen rundt 1740

Kjelder

Bilete frå Storstraumen

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping