Området mellom Leirbukti i Urdviki (t.v.) og Fuglekilen (t.h.). Bak, og då over på vestsida av Storestraumen, ser me den kjennelege Straumslandsnuten. Foto: Geir Daasvatn

Deknehola ved Storstraumen

Deknehola er ei grop eller eit djupt søkk i moreneryggen på austsida av Fuglekilen, rett aust for Storstraumen, i Bygland. Hola er eit synleg minne om eit mislukka kanaliseringsprosjekt som prominente menn i Bygland sette i gang rundt 1740.

Før det kom køyreveg (kjerreveg) oppover i Setesdal, blei mykje gods frakta etter Byglandsfjorden på nokre svære båtar som blei kalla «Senumsbåtane». Storstraumen var stri, så her måtte båtane dragast over land før dei kunne kome vidare nordover mot Ose. Det seinka transporten, og det var slitsamt, skriv Reidar Tveito i den glimrande boka si om bruene på Riksveg 9 og særtrekk langs vegen (2014).

Kanal for å lette transporten

Prominente folk i distriktet fekk då tanken om å fjerne denne hindringa for dei reisande. Desse mennene skal ha vore oberst Christian von Koss, soknepresten i Bygland Aabel og deknen. Planen var å grave ein kanal frå Leirbukti i Urdviki til Fuglekilen ovanfor Storstraumen. Dei fekk med seg bøndene i distriktet på planen, og arbeidet må ha kome godt i gang.

Støytte på hindringar

Deknehola, Storstraumen, Bygland. Foto.
Reidar Tveito har bilete av Deknehola i boka si, og meiner dette truleg er staden. Eg held meg til Reidar, som er ein stor lokalhistorikar og verkeleg til å lite på! Foto: Geir Daasvatn

Men etter ei stund stoppa det ambisiøse prosjektet opp. I boka om Riksveg 9 (2018) refererer Leonhard Jansen m.fl. til eit skriv av presten Reier Gjellebøl frå 1777. Gjellebøl fortel der at «… til Ulykke fantes i Grunden der, hvor den skulde have sin nye gang, en Klippe, som tilintetgjorde det hele Verk».

Reidar Tveito refererer i den nemnte boka si til eit brev skrive av Jørgen Henrich Aabel, som altså var sokneprest i Bygland 1732–1746: «Bønderne gidder ikkje grave mer.»

Om du tek av frå Riksveg 9, og køyrer eit par hundre meter eller så nordover på fylkesvegen mot Åraksbø, kan du skimte Fuglekilen på nedsida av vegen. Foran Fuglekilen kan du også sjå det djupe søkket i moreneryggen. Det må då truleg vere den omtalte Deknehola.

Eg har lurt mange gonger på fornuften i dette merkelege prosjektet. Men i dei seinare åra er det hogge mykje skog i området, og lettare å få eit overblikk over terrenget. Då ser eg at det å få til ein kanal her kanskje ikkje var så «vill» ein tanke likevel?

Kart over området

Kjelder

Sjå også

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean