Ei ny bru på den gamle vegen rett nord for skogsbilvegen. Under brua kan me kanskje ane brukar etter brua på Byvegen? Foto: Geir Daasvatn

Byvegen i Åseral – Krokstean

Krokstean var ei strekning på den gamle hovudvegen mellom Kyrkjebygd og Kristiansand.

Byvegen over Bygdeheia blei bygd som køyreveg (for hest og kjerre) i 1830-åra. Men etter kvart forfall han til ride- og sledeveg. Vegen var i bruk som hovudveg til Kristiansand til 1879. Då kom den nye mandalsvegen fram til Åseral. Det innleidde eit nytt kapittel i bygdesoga, seiast det i Åseral kommune sin Kulturminneplan. I 1880 blei Åseral flytta frå Nedenes amt til Lister og Mandals amt. Byvegen til Kristiansand blei etter det mykje mindre brukt.

Heile strekninga frå Kyrkjebygd til Sveindal blei merka som turløype i 1993.

Stykket held fram under biletet

Om du går nordover frå skogsbilvegen mot Kittelstad, kjem du ganske snart til denne svære steinen. Er steinane på toppen eit døme på dåtidas vegskilting, tru? Foto: Geir Daasvatn

Midt mellom Kittelstad og Austre Sveindal

Krokstean ligg oppe i heia mellom Kittelstad og Austre Sveindal i Grindheim. Eg sykla innover til Krokstean på Rannidalsvegen frå Mjåland. Det er ein privat skogsbilveg, stengd med bom. Det er ganske mykje oppoverbakke gjennom Rannidalen, før du kjem til Krokstean. Inn dit kan det vel vere om lag 1,5 km. Ved Krokstean, rett ved vegen, ser du skilt merka med «Sveindal» og «Kyrkjebygdæ». Då er du ved eit fint startpunkt.

Herfrå kan du følge den merka løypa nordover mot Kittelstad (Krokstean nord), eller ta sørover mot Austre Sveindal (Krokstean sør). Det er eit ganske typisk, fint heieterreng. Det er litt blaut myr nokre stader, som du bare kan gå utanom, og ellers fin skogsbotn. Vegen er merka med lyseblå farge med jamne mellomrom. Det er nokonlunde flatt terreng mesteparten av strekninga, og ingen lange, tunge bakkar akkurat her.

Stykket held fram under biletet

Sørover frå Krokstean snudde eg ved Takemyr. Der kryssar den gamle Byvegen ein annan skogsbilveg, Nordåsstean, og held fram sørover mot Sveindal. Det får bli neste etappe. Foto: Geir Daasvatn

Eg kan ikkje gå så langt om gangen lenger. Eg snudde difor etter nokre hundre meter både nord og sør for skogsbilvegen. Men du kan jo bare følge merka vidare, og gå til Kittelstad i nord eller Auste Sveindal i sør.

Langtur!

Om du er veldig sprek, kan du sjølvsagt også gå heile turen frå Kyrkjebygd til Sveindal i eitt. Eller omvendt, for den saks skuld. Eg veit ikkje nøyaktig kor langt det er, men kanskje rundt 15 km? I tillegg kjem eventuell retur, om du ikkje har ordna deg med skyss på anna vis enn apostlane sine hestar.

Eg for min del lyt altså nøye meg med kortare strekningar, og heller skrive nokre stikkord om kvar av dei etter kvart som eg finn fram til dei på ein grei måte. Strekinga ved Krokstean var ei fin oppleving, i eit idyllisk heieterreng på ein nydeleg forsommardag! Vegen er såleis både eit kulturminne frå ei tid som var og ei veldig fin naturoppleving.

God tur!

Kart Kyrkjebygd–Sveindal (Den gamle Byvegen er raud, stipla linje)

Kjelder

  • Kulturminneplan Åseral 2020–2025, vedteke av kommunestyret 12. desember 2019, s. 63

Sjå også

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen