Uthus og gamle murar i Heddeviki 4. juni 2024.

Heddeviki – ein gamal husmannsplass

Heddeviki var ein husmannsplass litt opp i den bratte i lia rett aust for Heddeneset tunnel, nord for Åraksbø i Bygland.

Det er ein av dei eldste husmannsplassane ein kjenner til i Bygland, med busetjing frå tida rundt 1720.

Tufta etter stoga i Heddeviki. Foto.
Tufta etter husmannsstoga, 2018. Sjølve stoga blei flytta til Åraksbø i 1915, og sett opp som «Folkets Hus». Ho var nytta som forsamlingslokale til etter andre verdskrigen. Ho står framleis i Åraksbø, like ovafor skulehuset. Foto: Geir Daasvatn

Frå først av skal buplassen ha vore nede ved Åraksfjorden. Då det kom folk på staden igjen på 1800-talet blei husa sette opp lenger oppe i den bratte lia, om lag 100 meter opp frå fjorden.

Rydningsmannen i Heddeviki heitte Anders Person Heddeviki (død 1753). Han var gift med ei som truleg heitte Anne Persdotter. Fem barn etter dei er kjende, men det kan ha vore fleire.

Noko som er heilt visst, er at det er mange etterkomarar etter folka i Heddeviki, både i Setesdal og andre stader.

Reidar Vollen

Etter at Anders Person var død, er det ein periode på 100 år, til 1850-talet, før det er tale om Heddeviki igjen. Plassen blei fråflytta for godt rundt 1909. Alle detaljane omkring dette kan du lese i den framifrå Bygland gard og ætt.

Frodig natur

Det er eit svært rikt planteliv og rik edellauvskog i Heddeviki, og området går inn i Heddeviksfjell naturreservat.

Kjelder

Rett i nærleiken

Vakkert utsyn frå Heddeviki sørover mot Åraksbø. Foto.
Heddeviki , 2018. Åraksbø i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen