Husmannsplassen Hagen 26. desember 2016. Foto: Geir Daasvatn

Husmannsplassen Hagen

Husmannsplassen Hagen ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland.

Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordli.

Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen eingong rundt 1792–1794. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura.

I nokre kjelder heiter det at Hagen blei fråflytta på 1960-talet. Men vegvaktaren Gunstein S. Lauvdal – den siste som budde i den vesle husmannsstova – gjorde eit intervju med Setesdølen ca. 1982. Der gav han opplysningar som tyder på at han budde der mykje lenger, minst til langt ut på 1970-talet. Sidan har det stått urørt i Hagen. I dag er husmannsplassen ein del av bygningsmassen til Setesdalsmuseet.

Plassen ligg ved den gamle trasèen til Riksveg 9 – og Postvegen – gjennom bygda.

Husmannsskipnaden hadde eit stort omfang i delar av Setesdal. Hagen på Lauvdal er ein av dei få stadene der ei husmannsstoge er teken vare på i sitt opprinnelege miljø, utan ombygging m.m.

Kjelder

Artikkelen om husmannsplassen Hagen på Setesdalswiki

Fleire kulturminne

Haavardstadhuset – Evje
Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset
Trydalstoga – Kristiansand museum
Byklarloftet – Fennefoss
Skore – gamlevegen
Postvegen – Heddessteinen
Flåt nikkelgruve
Postvegen – Flåstrondi
Bøgruva – Valle
Åmdalskleiva på den første Dalevegen
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland
I fotspora til setesdølane – Buekleiv

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.