Noko av Postvegen forbi Flåstrondi 26. november 2018. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Flåstrondi

Postvegen kom forbi Flåstrondi rundt 1844.

Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal.

Vegmiljø

Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart veglina for ras og steinsprang.

Det blei gjort store utbetringar på 1930-talet. I 1973 kom det ny bru over Kveasåne. Det var den tredje brua der.

Den siste ombygginga skjedde rundt 2003–2004. Då blei vegen flytta delvis ut i vatnet. Alle dei tidlegare vegane er synlege innanfor dagens Riksveg 9.

Ta ein kikk!

Ovafor Riksveg 9 langs Flåstrondi kan du sjå mange spor etter den gamle Postvegen. Ved Kveasåne er det gamle brukar, og vidare nordover står store delar av dei gamle steinmurane etter vegen att i dalsida. Her kom Ivar Aasen som ein av dei aller første forbi på den nye vegen 26. november 1844, truleg til hest, og du kan ta ein aldri så liten nostalgisk vandretur langs den same vegen.

Kjelder

Sjå også

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Tveitbakk – flotingsmur
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Postvegen – Einang
Postvegen – Skorpetveit
Haugefjellet feltspatgruve – Evje
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Sørstemmen – Jordalsvatn
Sanden Såre – flotingsmur
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland
Postvegen – Nesmoen