Vekas bilete

Den gamle steinvegen i Flårenden

Gammel steinbrygge i vannkanten på Flåstrondi. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Den gamle ferjeplassen ved Flåstrondi. Foto: Geir Daasvatn

I Flårenden, på austsida av Otra, kan me framleis sjå den gamle steinvegen/brygga frå elva opp til Postvegen.

Den første brua over Otra i Flårenden blei bygd i 1866–1868, over Sogejuvet. Før det måtte dei farande ferjast eller bli rodde over Otra.

Ferjing Flårenden–Sandnes til rundt 1845

Før Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, kom fram til Valle rundt 1844–1846, var det ferjing mellom Flårenden og Sandnes lenger nord. Oppsittarane i Valle og Hylestad betalte ei fast ferjeavgift – ein ferjetoll – for å nytte seg av ferja. Presten hadde òg regelmessig bruk for båtskyss på denne strekninga.

Ferjing Flårenden–Lindersnes til brua kom i 1866–1868

Då Postvegen blei bygd langs Flåstrondi rundt 1844–1846 kunne ferja gå rett over Otra, frå tunet i Flårenden over til den vesle odden Lindersnes på austsida av elva. Eigarane av garden fekk såleis kongeleg løyve til å ferje her.

På austsida ligg framleis den fint mura steinsettinga/brygga på biletet. Når det var lita vassføring i elva, var det mogeleg å ta seg fram med hest tvers over elva. Somme stader var det lagt ned stein for å gjere turen tryggare.

Frå Lindersnes kunne dei farande så reise vidare nordover langs Flåstrondi på den nye Postvegen opp til Valle kyrkje.

Seint på hausten 1844 kom Ivar Aasen til Valle. Han har fortalt frå den reisa at vegen då for det meste var sett i stand like til Valle. Etter alt å døme har han då blitt rodd over Otra frå Flårenden til Lindersnes, før han vandra vidare til fots på den nye vegen nordover til Sandnes og Valle kyrkjebygd.

Slutt på ferjinga

I 1866–1868 blei det som nemnt bygd bru over Otra her. Postvegen blei lagt om, og gjekk ikkje lenger ned til tunet i Flårenden. Det blei det slutt på ferjinga over Otra.

Følg historia på eigne bein!

Frå avkøyringa opp til Uppstad på Riksveg 9 kan du følge den gamle Postvegen gjennom skogen ned til tuna i Flårenden. Vegen er framleis i god stand. På andre sida av elva kan du følge Postvegen langs Flåstrondi i fleire hundre meter. Om du gir deg litt tid, kan du såleis her få eit ganske så levande inntrykk av korleis transporten langs den gamle Postvegen må ha gått føre seg.

Kjelder

  • Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII – Kultursoge, 1994, s. 295–302
  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 146–149
  • Alfred Ryningen, Valle kommune III – Gards- og ættesoge Valle, 1987, s. 14–45
  • Innlegg på Facebooksida til Setesdal Sogelag om dei gamle vegane langs Flåstrondi

Sjå også

Fleire bilete

Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Lognavatn – Åseral
Flygargravene på Bygland kyrkjegard
Stavenes kulturlandskap
Flårenden i Valle