Postvegen på Uppstad 10. november 2019. Me ser Riksveg 9 nede t.v. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen Uppstad–Flårenden

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal.

Postvegen var køyrande med hest og kjerre til Valle kyrkje frå hausten 1844. Han var det første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, og altså forlauparen til dagens Riksveg 9. Ein av dei første som gjekk langs heile vegen får kysten til Valle var språkforskaren Ivar Aasen, som var på si første samlarferd i Setesdal i november og desember 1844. Vegstykket me her talar om, på vestsida av Otra rett før du kjem over Flåren bru på veg nordover, må vel då vere bygd i 1843 eller 1844, utan at eg torer seie sikkert det nøyaktige tidspunktet.

I bruk som hovudveg til 1868

Då Postvegen kom gjennom Hylestad til Valle, blei det ikke bygd bru over Otra her. Etter at vegen hadde svinga seg gjennom tunet i Flårenden, måtte dei reisande såleis ferjast over elva til austsida. Men rundt 1866–1868 blei det bygd bru omtrent der brua er også i dag, og vegen blei lagt om. Då gjekk ikke Postvegen lenger gjennom tunet i Flårenden.

Anten du er interessert i gamle vegminne spesielt, eller bare likar å la tankane flyge medan du vandrar stilt på attgrodde stigar, er dette ein god stad for ein tur! Frå starten ved Uppstadvegen vil eg tru det er bortimot 1 km ned bakken før du kjem til husa i Flårenden. Altså ein kort spasertur på mindre enn 2 km t/r.

Kart over området (stipla linje syner vegstykket)

God tur!

Kjelder

  • Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 146–149 og kart nr. 21 bak i boka
  • Torkjel Segberg, Gjekk til fots på «lange, øde furumoer», artikkel om Ivar Aasen i Jol i Setesdal, 1996, side 18–20

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean