Gardsbruket Der nede på Hedde, med Skjoldmøypila i framgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Skjoldmøypila på Hedde

Skjoldmøypila på Hedde er ein om lag mannshøg og spiss stein på gardsbruket Der nede på Hedde i Hylestad.

Steinen skal ha vore noko høgare før.

Etter segna skal Skjoldmøyane ha skote pila etter Heilag-Olav då han for gjennom Setesdal.

På same bruket står også det kjende Heddisloptet.

Johannes Skar seier det slik:

«Me Heddi la skjallmøyann` å `an; dei skut` a stei`pil at o av fjøddé. Hu sette ni jori å «Heddi der ne`i», attenat fjosé; der sto `u i snei de lengste eg kann minnast; men no e `u flutt heim i tuni.»

Kor ser du Skjoldmøypila?

Gardsbruket Der nede ligg på vestsida av Riksveg 9, nesten i vegkanten, nokre hundre meter nord for den svære Setesdalsbautaen om du er på veg nordover. Du ser det drustelege, nyrestaurerte Heddisloptet og eit kvitt setesdalshus. I tunet framføre står pila.

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør