Vekas bilete

Heddessteinen

Heddessteinen, Helle, Valle. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Heddessteinen. Foto: Geir Daasvatn

Heddessteinen ligg like oppom Riksveg 9 på Helle.

Han er ein kjempesvær stein, stor som eit lite hus, og så stor at han har sitt eige namn, akkurat som Goddokksteinen som låg like i nærleiken. Segna fortel at dette var den eine av to steinar som Skjoldmøyane heiv etter Heilag Olav då han var i Setesdal.

Ei steinpil i vegkanten litt lenger nord på Helle skal vere minne frå same hendinga.

Landemerke

Heddessteinen låg rett ved den tidlegare riksvegen forbi Helle, og før det igjen den gamle Postvegen. Då var steinen eit kjend landemerke. Han låg klemt tett opp til vegen. Om du kom køyrane her og møtte bussen, var det bare såvidt du kom forbi, skriv Leonhard Jansen i den glimrande boka om vegar og vegminne langs Riksveg 9.

Først i 1994 blei vegen flytta på nedsida av Heddessteinen. I dag går Riksveg 9 som kjent forbi Helle på ein heilt ny trasé endå nærare Otra.

Kjelder

Fleire bilete

Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden
Lognavatn – Åseral
Flygargravene på Bygland kyrkjegard
Stavenes kulturlandskap