Vekas bilete

Furua på Eikjåknodden – Bygland

Den vesle furua på Eikjåknodden 18. mars 2023. Foto:
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Den vesle furua på Eikjåknodden 18. mars 2023. Foto: Geir Daasvatn

Denne vesle furua står og trossar vér og vind på ein liten odde som stikk ut lengst sør på Eikjåknodden, på Bø på vestsida av Byglandsfjorden.

Eg fotograferte den same furua 2. desember 2018. Ho har ikkje vekse så mykje. Ho står vel på litt skrint næringsgrunnlag.

Eikjåknodden er regulert til hyttefelt. Eg håpar treet får stå i fred som eit fint eksempel på livsmot! Samanliknar me med den svære og kanskje 1000 år gamle Landeeika, skjøner me at det er mogeleg å klare seg for både liten og stor i denne verda.

Det same treet 2. desember 2018. Foto: Geir Daasvatn

Fleire bilete

Linbekk bru – Øvrebø
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden
Lognavatn – Åseral
Flygargravene på Bygland kyrkjegard