Vekas bilete

Rygnestadlåven

Rygnestad låven 021217-2
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Låven i Rygnestadtunet. Foto.

Låven i Rygnestadtunet i Valle kjem nok ofte litt i skuggen av dei meir berømte bygningane, som Rygnestadloftet, «Trihågloptet» og stogehuset.

Men låven er også ein solid trebygning. Han skal vere oppført på 1800-talet, i følge artikkelen på Wikipedia om Rygnestadtunet. Like etter 1900 blei han bygd på i høgda, det kom låvebru og stallen blei sett under same tak.

Rygnestadlåven er ikkje freda i forskrift, slik dei to lofta og stogehuset blei alt i 1923. Men han er ein viktig del av det gamle gardstunet som i dag er ein av i alt 14 avdelingar i det lengste museet i Norge – Setesdalsmuseet.

Rygnestad museum er stengt (ikkje betjent) for sesongen. Men alle dei spennande bygningane kan du sjå til alle tider av året!

Les meir

Rett i nærleiken

Fleire bilete

Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn